Enkelt søk |

3 treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 3 oppslagsord

øyre 3

øyra

verb

Opphav

av aur; jamfør øyr

Tyding og bruk

  1. om vatn: grave ut eller skole opp grunnen;
    leggje opp dungar med sand og grus;
    lage øyrar
    Døme
    • elva er så fæl til å øyre
  2. dekkje med sand eller grus;
    fylle med aur, sand
    Døme
    • øyre att;
    • vatnet er heilt attøyrt

øyre 1

substantiv hankjønn

Opphav

same opphav som øre (2

Tyding og bruk

særleg i samansetningar:
Døme
  • lausøyre;
  • skattøyre

øyra, øyre 2

substantiv inkjekjønn

Opphav

norrønt eyra n

Tyding og bruk

  1. ytre, synlege delen av kvart av dei to høyreorgana hos menneske og virveldyr;
    Døme
    • ha store, utståande øyre;
    • ha ringar i øyra;
    • gjere tjukke øyrelåst ikkje høyre
    • brukt for å uttrykkje sterk undring eller forarging, i uttrykk:
      • ein skal høyre mykje før øyra dett av;
      • (til) opp over (el. under) øyrai særs høg grad;
      • sitje i skuld (til) opp over (el. under) øyra
  2. samnamn på den ikkje synlege delen av høyreorganet med øyregangen, mellomøyret og det indre øyret (med høyrenerven)
    Døme
    • vaske seg i øyra;
    • ha voks i øyra;
    • få dottar i øyra;
    • det susar i øyra
  3. øyre (II,1 og 2) brukt særleg med tanke på at det tek opp og formidlar høyrselsinntrykk
    Døme
    • ein svak lyd nådde øyra;
    • leggje øyret til og lytte;
    • halde seg for øyradekkje øyra for å sleppe å høyre;
    • høyre dårleg på høgre øyret;
    • ha gode øyre;
    • han har ikkje øyre på den sidahan læst ikkje høyre noko
    • i mange faste uttrykk med tyding: evne, vilje til å høyre eller leggje merke til;
      velvilje, interesse for noko som blir sagt
      • ha øyra med seg;
      • høyre, lytte med eit halvt øyreutan å høyre skikkeleg etter, utan konsentrasjon
  4. sans (for musikk, tonar)
    Døme
    • ha godt øyre
  5. utståande, øyreliknande del av noko
    Døme
    • øyra på ei gryte

Faste uttrykk

  • gå inn av det eine øyret og ut av det andre
    bli gløymd like snart som ein høyrer det
  • ha øyre for
    ha sans for
  • ha øyre for
    anse etter, bry seg om noko
  • ha øyret til
    få (nokon) til å lytte og anse på det som blir sagt
  • halde i øyra
    passe strengt på (at ein annan oppfører seg rett)
  • ikkje tørr bak øyra
    (eigl om nyfødd barn som er fuktig bak øyra) for liten, for ung, for umogen
  • ikkje vilje høyre på det øyret
    avvise noko som ein annan nemner
  • sitje med lange øyre
    høyre nysgjerrig etter (det som blir sagt)
  • spisse øyra
    (òg med andre verb) høyre godt etter
  • tute øyra fulle med
    stadig ta opp att eller mase på (nokon) (med noko)

Fant du ordet du lette etter?