Enkelt søk |

2 treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 2 oppslagsord

utan 1

subjunksjon

Tyding og bruk

  1. innleier ei leddsetning som uttrykkjer vilkår;
    med mindre, viss ikkje
    Døme
    • eg reiser ikkje utan du blir med;
    • det var ikkje dans i bygda utan ho møtte opp som den fyrste
  2. innleier ei leddsetning som uttrykkjer vedgåing;
    sjølv om ikkje, enda ikkje
    Døme
    • mange har blitt sjuke utan vi har oppdaga det;
    • ho høyrde kva han sa utan ho forstod kva han meinte

Faste uttrykk

  • utan at
    innleier ei leddsetning som uttrykkjer vilkår;
    dersom ikkje, med mindre
    • eg reiser ikkje utan at du blir med;
    • arbeidet er solid utan at det er særleg spennande

utan

preposisjon

Opphav

norrønt útan; av ut

Tyding og bruk

  1. inn frå, innover frå
    Døme
    • utan havet, tunet;
    • utan med strandainnover stranda
  2. på utsida av
    Døme
    • utan døra
    • særleg som adverb:
      • både innan og utan
  3. ikkje (utstyrt) med, fri for, skild frå
    Døme
    • gå utan hatt;
    • utan mat og pengar;
    • greie seg godt utan (briller, følgje);
    • dei reiste utan han;
    • slå seg utan å gråte;
    • han slo seg utan at han gret;
    • det gjekk, men ikkje utan slit
  4. bortsett frå, utanom
    Døme
    • alle var der utan (m)eg;
    • ho bad alle utan meg;
    • eg reiser ikkje utan at du blir med
  5. som subjunksjon: utan at, ikkje slik at
    Døme
    • han var her utan eg visste det
  6. som subjunksjon: utan at, dersom ikkje
    Døme
    • eg reiser ikkje utan du blir med

Faste uttrykk

  • utan tvil
    tvillaust
  • utan vidare
    beinfram, rett og slett, som ein sjølvsagd ting

Fant du ordet du lette etter?