Enkelt søk |

2 treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 2 oppslagsord

tidleg 2

adjektiv

Opphav

jamfør norrønt tíðligr; lågtysk tidelik

Tyding og bruk

  1. som ligg nær byrjinga av noko;
    som høyrer til, har plass blant dei første i ei rekkje;
    som høyrer til, gjeld første delen av eit tidsavsnitt (til dømes dag, veke, år, periode)
    Døme
    • på eit tidleg tidspunkt;
    • eit tidleg nummer;
    • ei tidleg utgåve;
    • ein tidleg fase;
    • tidleg morgon;
    • tidleg på dagen;
    • byrje dagen tidleg;
    • stå tidleg opp;
    • stå opp, leggje seg tidleg;
    • i dag, i morgon tidleg;
    • tidleg og seintstøtt;
    • tidleg i veka, på våren;
    • i hans tidlegaste ungdom;
    • ho flytta tidleg heimanfrå;
    • tidleg mellomalder, gotikk;
    • i tidlegare tider;
    • frå dei tidlegaste tider;
    • han er ikkje så sterk no som tidlegaresom før
  2. som står før, lenger framme;
    Døme
    • trykket ligg på ei tidlegare staving
    • som hender, går føre seg før (noko anna)
      • eit tidlegare tog
    • frå ei tid som ligg lenger attende
      • ein tidlegare kollega
  3. (som hender) i god tid (før noko tek til)
    Døme
    • vere tidleg ute;
    • møte fram (for) tidleg;
    • du må vere tidlegare ute!før
    • som hender, kjem før enn vanleg, normalt
      • tidleg frukost;
      • tidleg (frå arbeidet);
      • den tidlegaste vinteren i manns minne;
      • tidleg ekteskapekteskap mellom unge;
      • i dei tidlegaste delane av bygda har såinga kome i gang altder våren kjem først;
      • tidlege grønsaker
    • som adverb: før enn normalt
      • bli tidleg vaksen;
      • vere tidleg utvikla
    • som adverb: om kort tid, snart
      • kor tidleg går den første bussen?
      • vi får svar tidlegast til veka;
      • i tidlegaste fall

Faste uttrykk

  • i tidlegaste laget
    før det er naudsynt

tidleg 1

adjektiv

Opphav

norrønt tíðligr ‘timeleg’; lågtysk tidelik

Tyding og bruk

i filosofi: som gjeld tid
Døme
  • Gud er korkje romleg eller tidleg

Fann du ordet du leita etter?