Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

raud

adjektiv

Opphav

norrønt rauðr, samanheng med latin ruber; sjå rubin

Tyding og bruk

  1. med farge som ligg mellom oransje og fiolett i sollysspekteret
    Døme
    • raude roser;
    • vere raud og frisk i kinna;
    • raud som blod;
    • den raude hanenbrann; jamfør hane
  2. Døme
    • politisk er han temmeleg raud
  3. i faste uttrykk, såleis

Faste uttrykk

  • ikkje ha eit raudt øre
    vere utan koparskillingar (med låg verdi);
    vere heilt blakk
  • på raude rappen
    med ein gong, straks
  • raud klut
    i tyrefekting: raudt plagg til å terge oksen med;
    i overført tyding (føreseieleg) årsak til sinne
    • verke som ein raud klutvekkje raseri
  • raud lykt
    lykt med raudt glas som blir tende når billettane til ei framsyning er utselde
  • raud tråd
    etter engelsk: grunntanke, berande idé, hovudtema
    • gå som ein raud tråd gjennom boka
  • raude gardar
    avdelingar av væpna kommunistar som har spela ei rolle under uro og revolusjonar i fleire europeiske land; ungdomsgrupper som skulle gjennomføre kulturrevolusjonen i Kina 1966–68
  • raude hundar
    barnesjukdom med raudt utslett;
    Rubella
  • raude tal
    tal som syner underskot i rekneskap for ein driftsperiode
  • raudt kort
    i idrett: varsel til utøvar om utvising frå tevling eller kamp;
    i overført tyding: seie frå at noko ikkje kan godtakast
    • få raudt kort;
    • fleire av debattantane burde ha fått raudt kort;
    • gje rasisme raudt kort
  • raudt lys
    stoppsignal

Fann du ordet du leita etter?