Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Nynorskordboka 1 oppslagsord

vatn

substantiv inkjekjønn

Opphav

norrønt vatn; samanheng med våt

Tyding og bruk

  1. klar, gjennomsynleg væske som er ei sambinding av hydrogen og oksygen
  2. vatn (1) i meir eller mindre rein tilstand
    Døme
    • reint vatn;
    • mjukt, hardt vatnvatn som det er oppløyst lite, mykje mineralsk stoff i;
    • eit glas vatn;
    • sitje (i fengsel) på vatn og brød;
    • vaske i fleire vatn;
    • gå over bekken etter vatnsjå bekk (1);
    • skvette vatn på gåsasjå gås (1);
    • få vatn på mylna, kvernasjå mylne (1);
    • gå for lut og kaldt vatnsjå lut (1;
    • mykje vatn har runne i havet sidan den tiddet er lenge sidan
  3. samling av vatn (2) i naturen
    Døme
    • djupt, grunt vatn;
    • falle i vatnet;
    • trø vatnet;
    • setje båt på vatnet;
    • 20 °C i vatn;
    • symje under vatnetunder vassyta
  4. mindre innsjø
    Døme
    • landskapet er fullt av sjøar og vatn
  5. kroppsvæske som liknar vatn (1)

Faste uttrykk

  • bere vatn i såld
    drive med noko nyttelaust
  • gå i vatnet
    mislykkast, dumme seg ut (i samband med)
  • halde hovudet over vatnet
    (så vidt) greie seg
  • late vatnet
    pisse, urinere
  • leggje inn vatn
    føre leidning for rennande vatn inn i hus
  • på djupt vatn
    i overført tyding: utan ordentleg greie på det ein driv med eller taler om;
    på tynn is, ille ute
  • ta seg vatn over hovudet
    ta på seg noko ein ikkje greier
  • vatn i kneet
    tilstand med unormalt mykje leddvatn i kneleddet

Fann du ordet du leita etter?