Enkelt søk |

Ett treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Nynorskordboka 1 oppslagsord

riddar

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt riddari; frå lågtysk eigenleg ‘ryttar’, av riden ‘ri’

Tyding og bruk

  1. i mellomalderen: medlem av den adelege krigarstanden;
    i antikken: krigar til hest
  2. høvisk mann, kavaler;
    i overført tyding:
    Døme
    • gjere seg til riddar for ei god sakforkjempar
  3. person som har fått ordensteikn (av ein viss grad)
    Døme
    • vere riddar av St. Olavs orden
  4. grad av ordensteikn som riddar (3) blir dekorert med

Faste uttrykk

  • arme riddarar
    dessert av oppbløytt og bruna loff med syltety
  • slå til riddar
    ta (nokon) opp i riddarstanden

Fant du ordet du lette etter?