Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

namn

substantiv inkjekjønn

Opphav

norrønt nafn

Tyding og bruk

  1. ord som noko eller nokon blir kalla med, og som skil ut eit særskilt individ, eksemplar eller liknande frå ei større gruppe (til dømes person- og stadnamn), eller som knyter det nemnde til ei særskild klasse eller eit særskilt slag (til dømes plante- og stoffnamn)
    Døme
    • oppgje namn, adresse og fødselsdato;
    • ein gut med namnet Jacob;
    • familien har to namn i etternamnet sitt;
    • oppgje fullt namn;
    • namnet på gata har eg gløymt;
    • ekspedisjonen gjekk under namnet Apollo 11;
    • byen fekk namn etter grunnleggjaren;
    • hunden lyder namnet Fido;
    • alle klede skal merkjast med namn;
    • set rekninga på namnet til firmaet;
    • reservasjonen vart gjort i namnet til dottera mi
  2. namn (1) eller ord for karakteristikk som nokon eller noko får i tillegg til det eigenlege namnet;
    Døme
    • berre kjærasten brukte det namnet på han
  3. namn (1) i skriftleg form, digitalt eller handskrive, som uttrykk for godkjenning eller autorisasjon;
    Døme
    • setje namnet sitt under eit dokument;
    • namnet hans står på kontrakten, så da er han bindande
  4. Døme
    • forretninga har eit godt namn;
    • miste sitt gode namn og rykte

Faste uttrykk

  • få eit namn
    bli kjend, vidgjeten
    • artisten har fått eit stort namn i utlandet
  • gå under namnet / gå under namn av
    bli kalla
  • i namnet
    tilsynelatande;
    på papiret
    • i namnet er ho framleis tilsett
  • i nokons/nokos namn
    • på vegner av nokon eller noko;
      med den myndigheita som er gjeven av nokon eller noko
      • i kongens namn befaler vi deg;
      • i rettferdas namn;
      • i Guds namn
    • brukt i forsterkande uttrykk
      • men i herrens namn, gjer som eg seier!
  • kalle/nemne noko ved det rette namnet
    seie rett ut kva ein meiner
    • lat oss kalle fredsplanen ved det rette namnet: ein rein okkupasjon
  • kjenne nokon/noko på namn
    vite namnet på nokon eller noko, utan å vite mykje om det nemnde
    • eg kjenner henne berre på namn
  • meir i namnet enn i gagnet
    meir i ord enn i handling
    • vere leiar meir i namnet enn i gagnet
  • namnet skjemmer ingen
    det er ikkje namnet, men handlingane ein gjer, som fører skam med seg

Fann du ordet du leita etter?