Enkelt søk |

2 treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 2 oppslagsord

mykje 2, myke

mykja, myka

verb

Opphav

norrønt mýkja; av mjuk

Tyding og bruk

  1. gjere mjuk eller mjukare;
    Døme
    • mykje seg opp
  2. Døme
    • mykje opp nokon

mykje 1

adjektiv

Opphav

av mykjen; jamfør meir og mest

Tyding og bruk

  1. som finst i stor mengd eller i sterk grad
    Døme
    • mykje bær;
    • mykje snø;
    • mykje arbeid;
    • setje mykje pris på noko;
    • blir det mykje bry for deg?
    • det fekk du ikkje mykje glede av
  2. brukt som substantiv: stor mengd, stor del (av);
    mange (ting)
    Døme
    • ha mykje å gjere;
    • dobbelt så mykje;
    • ho seier ikkje så mykje;
    • det fekk du ikkje mykje att for;
    • kor mykje kostar genseren?
    • kor mykje er klokka?
    • mykje av pengane var borte
  3. brukt som adverb: i høg grad;
    sterkt, ofte
    Døme
    • arbeide mykje;
    • ete for mykje;
    • det varierer mykje;
    • vi omgåst mykje;
    • takk så mykje!
    • han har vore her mykje i det siste
  4. brukt framfor adjektiv og adverb: i høg grad, svært
    Døme
    • mykje stor;
    • mykje meir;
    • eg vil mykje heller vere heime
  5. brukt i streng og irettesetjande tiltale
    Døme
    • no kjem du, så mykje du veit det!

Faste uttrykk

  • for mykje av det gode
    for stor mengd av noko som i utgangspunktet er ynskeleg
  • for mykje og for lite skjemmer alt
    det er aldri bra med for mykje eller for lite av noko
  • gjere mykje av seg
    gjere seg svært synleg
    • dei gjer mykje av seg i nabolaget
  • ha mykje å seie
    vere viktig, ha stor innverknad, spele ei stor rolle
  • mangt og mykje
    mange ulike ting
    • dei prata om mangt og mykje
  • mykje godt
    om eldre forhold: nest beste skulekarakter;
    forkorta M
  • mykje skrik og lite ull
    • mykje strev utan særleg resultat
    • mykje oppstyr utan særleg grunnlag
  • mykje til kar
    svært til kar, ein grepa kar
  • mykje vil ha meir
    har ein oppnådd mykje, vil ein ofte ha meir
  • så mykje meir som
    særleg fordi
  • så mykje som
    brukt saman med nekting: eingong (3)
    • ho kasta ikkje så mykje som eit blikk på han

Fann du ordet du leita etter?