Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

leggje, legge

leggja, legga

verb

Opphav

norrønt leggja; av liggje

Tyding og bruk

  1. få til å liggje eller plassere i vassrett stilling
    Døme
    • leggje duk på bordet;
    • leggje barna til faste tider;
    • han legg handa mot armlenet
  2. setje frå seg;
    plassere i ein viss orden
    Døme
    • leggje bandasje på såret;
    • leggje kabal;
    • høna legg egg kvar dag;
    • ho legg armen rundt barnet
  3. dekkje, kle
    Døme
    • leggje fliser på badet
  4. forme ut, byggje, lage
    Døme
    • leggje veg gjennom dalen;
    • leggje grunnen til eit internasjonalt samarbeid;
    • dei legg planar;
    • leggje vin
  5. ta vegen, fare;
    styre, stemne
    Døme
    • leggje av stad;
    • leggje på sprang;
    • skipet legg frå kai
  6. fastsetje, påleggje
    Døme
    • leggje skatt på utbytte;
    • dei legg press på styresmaktene
  7. bruke, ofre
    Døme
    • dei legg arbeid på å få dei unge med

Faste uttrykk

  • leggje an på nokon
    streve for å få nokon til kjærast
  • leggje av
    • halde att;
      spare
      • legg av eit brød til meg!
    • kvitte seg med
      • leggje av uvanane
  • leggje bak seg
    • forlate, passere
      • leggje fleire mil bak seg;
      • leggje fjella bak seg
    • gjere seg ferdig med
      • prøve å leggje det vonde bak seg;
      • dei har lagt den bitre konflikten bak seg
  • leggje etter seg noko
    late etter seg noko
    • dei har lagt appelsinskal etter seg i naturen
  • leggje fram
    presentere
    • regjeringa la fram ei utgreiing
  • leggje frå seg
    • setje bort;
      plassere
      • dei la frå seg reiskapen
    • bli ferdig med;
      gløyme
      • leggje frå seg gamle fordommar
  • leggje i seg
    ete mykje
  • leggje i veg
    fare av stad
    • han legg i veg over jordet
  • leggje imot
    • kome med innvendingar
      • det var ikkje råd å leggje imot
    • gje til gjengjeld
  • leggje inn eit godt ord for
    gå god for
  • leggje inn årene
    slutte med ei verksemd;
    leggje opp (1)
  • leggje inn
    • setje inn;
      installere (1)
      • leggje inn alarm i huset
    • plassere i eller innanfor noko
      • han la inn snus;
      • ho legg inn opplysningar om seg sjølv på nettet;
      • dei vil leggje inn ein treningskamp i desember
    • gje beskjed om;
      melde
      • han la inn bod på eit hus
  • leggje i
    oppfatte, forstå
    • kva legg du i det ordet?
  • leggje merke til
    bli merksam på;
    observere
    • du legg merke til så mange ting;
    • ein detalj som er verd å leggje merke til
  • leggje ned
    • få til å liggje nede;
      plassere
      • leggje ned ein krans;
      • leggje ned ein kabel
    • gje opp, slutte med
      • leggje ned skulen;
      • dei la ned drifta
    • hermetisere
      • leggje ned frukt
    • setje fram, hevde
      • leggje ned veto;
      • aktor la ned påstand om ti års fengsel
    • utføre, gjere
      • leggje ned arbeid;
      • dei legg ned ein stor innsats
  • leggje om
    endre
    • leggje om kursen;
    • leggje om til vinterdekk
  • leggje opp til
    gjere opptak til;
    byrje med;
    planleggje
    • dei legg opp til ei omgjering av næringa
  • leggje opp
    • særleg i idrett: slutte
      • han har ingen planar om å leggje opp denne sesongen
    • lage masker når ein strikkar eller heklar
      • ho la opp masker til ein genser
  • leggje på seg
    bli tjukkare
    • ho er redd for å leggje på seg
  • leggje på
    gjere større;
    auke
    • leggje på prisane
  • leggje saman
  • leggje seg borti
    blande seg (utidig) inn i
    • dei ynskjer ikkje å leggje seg borti det heile
  • leggje seg etter
    • prøve å få tak i
      • han legg seg etter kvinnfolka
    • prøve å lære seg
      • dei la seg etter å snakke eit utanlandsk språk
  • leggje seg flat
    vedgå ein feil
    • det hjelper lite å leggje seg flat når det ikkje får konsekvensar
  • leggje seg imellom
    gå imellom, få ende på ein strid;
    mekle
  • leggje seg oppi
    bli med i, blande seg borti
    • han legg seg oppi mykje
  • leggje seg opp
    samle på, spare
    • leggje seg opp pengar
  • leggje seg på minne
    setje seg føre å hugse noko
  • leggje seg til
    • bli liggjande til sengs
    • skaffe seg
      • leggje seg til uvanar
  • leggje seg ut med
    kome i strid med
  • leggje seg
    • innta ei liggjande stilling;
      gå til sengs
      • leggje seg for å sove;
      • ho legg seg sjuk i fire dagar;
      • leggje seg inn på sjukehus;
      • hunden la seg på golvet
    • bli liggjande
      • isen legg seg på fjorden;
      • snøen har lagt seg på vegane;
      • wienerbrød kan leggje seg på sidebeina
    • stilne, spakne
      • applausen legg seg;
      • stormen la seg
  • leggje til grunn
    ha som utgangspunkt eller føresetnad
    • leggje eiga erfaring til grunn for avgjerda
  • leggje til rette
    rydde, ordne;
    førebu
    • kommunen legg til rette for søppelsortering
  • leggje til
    plusse på, føye til
  • leggje under seg
    eigne til seg, ta makt over
  • leggje ut om
    greie ut, forklare (i det vide og breie)
    • ho måtte leggje ut om røynslene sine
  • leggje ut
    • starte ei reise
      • leggje ut på ein ekspedisjon;
      • dei spurde om vêret før dei la ut
    • betale for
      • eg kan leggje ut for deg
    • setje ut;
      plassere
      • leggje ut mat til måkene
    • gjere tilgjengeleg
      • leggje ut billettar for sal;
      • avisa legg ut nyhende på internett
  • leggje ved
    la liggje saman med noko anna;
    jamfør vedlegg
    • til søknaden må du leggje ved nødvendig dokumentasjon
  • leggje vegen om
    fare innom
    • han la vegen om grannegarden
  • leggje vekt på
    la (noko) telje sterkt
    • ho legg vekt på erfaring
  • leggje vinn på
    leggje arbeid på, gjere seg føre med

Fann du ordet du leita etter?