Enkelt søk |

3 treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 3 oppslagsord

kvile 3

kvila

verb

Opphav

norrønt hvíla

Tyding og bruk

  1. stogge, vere i ro;
    ta rast, pause;
    slappe av
    Døme
    • set deg og kvil;
    • dei er veldig gode til å kvile;
    • han har kvilt på sofaen
  2. vere ute av bruk;
    liggje nede
    Døme
    • arbeidet kviler;
    • hendene kviler i fanget;
    • jorda kviler;
    • våpena kviler i høgtida
  3. liggje eller stø seg på
    Døme
    • kvile hovudet i hendene;
    • kvile støtt mot underlaget;
    • la blikket kvile på noko
  4. liggje i grava
    Døme
    • her kviler …;
    • kvil i fred
  5. gje kvile
    Døme
    • kvile auga;
    • kvile føtene
  6. liggje tungt på ein;
    vere avhengig av
    Døme
    • om vi greier det, kviler på deg;
    • ansvaret kviler på kommunen
  7. om planter: vere i ein kvileperiode (2)

Faste uttrykk

  • kvile middag
    ta ein blund etter middagen;
    sove middagslur
  • kvile på laurbæra
    ta det med ro etter å ha gjort gode prestasjonar
  • kvile på årene
    • slutte å ro utan å ta inne årene
    • ta det med ro
      • verksemda kviler aldri på årene
  • kvile seg
    ta seg ein kvil;
    slappe av
  • kvile ut
    bli utkvilt
    • kvile ut etter arbeidet
  • på staden kvil!
    brukt som kommandorop i militæret
  • stå på staden kvil
    ikkje kome vidare i arbeid, utvikling eller liknande

kvile 1

substantiv hokjønn

Opphav

norrønt hvíla ‘seng’

Tyding og bruk

  1. det å kvile;
    ro, fred;
    Døme
    • leggje seg til kvile;
    • trenge kvile;
    • det var tid for kvile
  2. i botanikk: tilstand der frø eller knoppar ikkje spirer

Faste uttrykk

  • den evige kvila
    døden
    • lengte etter den evige kvila
  • gå til kvile
    • gå for å kvile
      • vi treng ein matbit før vi går til kvile
    • døy (1)
      • to unge liv var no gått til kvile

kvile 2

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

  1. Døme
    • signe kvilet
  2. kvilestad etter vegen

Fann du ordet du leita etter?