Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

krevje

krevja

verb
kløyvd infinitiv: -a

Opphav

norrønt krefja

Tyding og bruk

  1. be om noko på ein myndig måte;
    forlange at noko blir gjort, sett i verk eller liknande;
    gjere krav på
    Døme
    • krevje betaling;
    • ha noko å krevje i buet;
    • krevje lydnad;
    • krevje retten sin
  2. vere naudsynt for at noko skal eksistere, fungere eller lukkast;
    ha til føresetnad
    Døme
    • arbeidet kravde mykje tid;
    • huset krev mykje vedlikehald
  3. vere skuld i eit stort tap;
    Døme
    • ulykka kravde fleire menneskeliv

Faste uttrykk

  • krevje inn
    forlange at noko blir betalt
    • krevje inn skatt;
    • laget kravde inn medlemspengar
  • krevje si kvinne
    gjere det naudsynt å trå til med full kraft;
    jamfør krevje sin mann
    • 100 reisedøgn i året krev si kvinne
  • krevje sin mann
    gjere det naudsynt å trå til med full kraft;
    jamfør krevje si kvinne
    • det kravde sin mann å drive garden
  • krevje sitt
    føre med seg visse krav eller utfordringar
    • eit stort hus med mange barn kravde sitt

Fann du ordet du leita etter?