Enkelt søk |

3 treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 1 oppslagsord

komma

substantiv intetkjønn

Opphav

fra gresk ‘del av setning’, av koptein ‘hogge av’

Betydning og bruk

  1. skilletegn (,) som en bruker mellom setninger og ledd etter visse regler
    Eksempel
    • vi setter komma mellom leddene i en oppramsing
  2. i matematikk: skilletegn mellom enere og desimaler

Nynorskordboka 2 oppslagsord

kome 2, komme 2

koma, komma

verb
kløyvd infinitiv: -a

Opphav

norrønt koma

Tyding og bruk

  1. nærme seg;
    vere i rørsle mot
    Døme
    • det kjem folk;
    • der kjem toget;
    • dei kom farande i full fart;
    • hunden kom springande;
    • kom no, da!
  2. nå fram (til ein stad, ein tilstand eller ei stilling);
    møte opp, vitje
    Døme
    • dei kom samstundes;
    • dei kom ikkje fram før etter middag;
    • endeleg kjem våren;
    • det kom regn på isen;
    • sorga kom over han;
    • pakka kom fram i går;
    • kom snart att!
  3. bli sett i ei viss stilling, tilstand eller situasjon
    Døme
    • kome i brann;
    • ho er komen til medvit;
    • han kom til skade;
    • kome til krefter etter sjukdomen;
    • kome til seg sjølv att;
    • kome i tankar om noko;
    • dei kom raskt i god stemning
  4. syne seg;
    dukke opp
    Døme
    • spirene kjem til våren;
    • ho kom fram frå gøymestaden;
    • bilen kom rundt svingen;
    • boka kom ut i haust;
    • saka kjem i avisa i morgon;
    • det kom fram mykje misnøye på møtet
  5. gå ut frå;
    stamme frå
    Døme
    • ein stad må pengane kome frå;
    • dei kjem frå ei stor slekt;
    • kvar kjem du frå?
  6. Døme
    • det kjem i neste kapittel;
    • dei kom rett etter oss;
    • vi skal på hytta i helga som kjem;
    • etter a kjem b
    • brukt som adjektiv:
      • komande generasjonar
  7. nå (til eit visst punkt, ein viss tilstand eller liknande)
    Døme
    • båten kom vel i hamn;
    • dei kom trygt over fjellet;
    • kome til semje om noko;
    • kome gjennom boka;
    • kome på fote att;
    • kome til makta;
    • vi kjem ingen veg utan hjelp;
    • dette problemet kjem vi ikkje forbi
  8. vere utstyrt (med)
    Døme
    • bilen kjem med firhjulsdrift
  9. få orgasme

Faste uttrykk

  • ikkje kome på tale
    vere uaktuelt
    • det kjem ikkje på tale at du får meir sjokolade no
  • kom an!
    skund deg!
    bli med!
  • kome an på
    vere avhengig av
    • det kjem an på om eg får fri den dagen
  • kome av
    ha opphavet sitt i
    • konfliktane kom av dårleg kommunikasjon
  • kome borti
    • støyte borti;
      røre ved
      • eg kom borti kaffikoppen så han velta
    • ha å gjere med;
      få kontakt med
      • uroe seg for at ungdomane kjem borti narkotika
  • kome for ein dag
    bli avslørt;
    bli oppdaga
    • det kom for ein dag at dei hadde underslått pengar frå kassa
  • kome fram med
    vise, røpe
  • kome godt med
    vere til god nytte eller hjelp
    • dei ekstra kronene kom godt med
  • kome i gang
    byrje
  • kome opp i
    • bli dregen inn i noko utan å vilje det
      • ho kjem stadig opp i problem
    • bli trekt ut til å ha eksamen i
      • eg håper eg ikkje kjem opp i matte til eksamen
  • kome opp med
    finne fram til, føreslå
    • dei kom opp med mange gode idear
  • kome over
    • støyte på;
      finne tilfeldig
      • dei kom over eit godt tilbod
    • leggje motgang eller krise bak seg
      • han kom aldri over at mora døydde så tidleg
  • kome på
    få ein idé eller tanke;
    hugse
    • eg kjem ikkje på noka betre forklaring;
    • plutseleg kom eg på at eg hadde gløymt møtet
  • kome seg frå
    lure seg unna noko
  • kome seg
    bli betre
    • planta kom seg da ho fekk vatn;
    • han kjem seg etter sjukdomen;
    • ho har kome seg i matte
  • kome til livs
    få gjort ende på (noko eller nokon)
    • dette problemet må vi kome til livs
  • kome til verda
    bli fødd
    • han kom til verda i 1994
  • kome til
  • kome ut av det
    miste samanhengen;
    miste tråden
    • midt i talen kom han ut av det
  • kome ut for
    bli utsett for
    • eg kom ut for eit uhell i går
  • kome ut
    • bli gjeven ut
      • den første plata deira kom ut i vår
    • bli kjend
      • det som hende, må aldri kome ut
    • stå fram;
      fortelje til andre at ein er skeiv
      • ho kom ut som lesbisk da ho flytta heimanfrå

komma

substantiv inkjekjønn

Opphav

frå gresk ‘del av setning’, av koptein ‘hogge av’

Tyding og bruk

  1. skiljeteikn (,) som ein bruker mellom setningar og ledd etter visse reglar
    Døme
    • vi set komma mellom ledda i ei oppramsing
  2. i matematikk: skiljeteikn mellom einarar og desimalar

Fann du ordet du leita etter?