Enkelt søk |

2 treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 1 oppslagsord

kjærleik

substantiv hankjønn

Betydning og bruk

Nynorskordboka 1 oppslagsord

kjærleik

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt kærleikr

Tyding og bruk

  1. varm, inderleg kjensle for nokon eller noko;
    Døme
    • alle barn treng kjærleik;
    • vise kjærleik og omsorg;
    • kjærleik til heimen;
    • Guds kjærleik
  2. varm, inderleg kjensle for eit menneske ein elskar og er seksuelt tiltrekt av;
    Døme
    • sanseleg kjærleik;
    • få kjærleik til nokon;
    • kjærleik ved første blikk
  3. levande, glødande interesse for noko
    Døme
    • kjærleik til bøker;
    • kjærleiken til fotballen
  4. gjenstand for romantisk kjensle eller varm interesse
    Døme
    • finne sitt livs store kjærleik;
    • fjella i Jotunheimen var den store kjærleiken hans

Faste uttrykk

  • fri kjærleik
    erotisk kjærleik utanfor ekteskap eller fast forhold
  • kjærleik gjer blind
    kjærleik tek dømekrafta og fornufta frå eit menneske
  • kjærleik på pinne
    sukkertøy festa på ein pinne
  • ulykkeleg kjærleik
    kjærleik som ikkje blir gjengjeld

Fant du ordet du lette etter?