Søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Søk » Om ordbøkene

Om ordbøkene

Les dette på bokmål.

Read this in English.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka er einspråklege ordbøker for høvesvis nynorsk og bokmål. Dei viser skrivemåtar og bøying i tråd med dei gjeldande normene, opplyser omtydingar og gjev bruksdøme og korte etymologiar. Dei vart utgjevne første gongen i 1986, produserte gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo og Språkrådet, og er sidan komne i fleire utgåver.

I trykt form er Nynorskordboka og Bokmålsordboka store eittbands ordbøker. Sjå nedanfor for meir informasjon om kvar ordbok.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka vart først redigerte av leksikografar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, i samarbeid med Språkrådet. I 2016 vart ansvaret for Nynorskordboka og Bokmålsordboka overført frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen, framleis med Språkrådet som medeigar.

Eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo utforma databaseformatet og tilpassa ordbøkene for nettpublisering (frå 1994). Dette ansvaret ligg no hos Universitetsbiblioteket og IT-avdelinga ved Universitetet i Bergen.
Nynorskordboka og Bokmålsordboka kom på nettet i 1994. Det noverande grensesnittet vart publisert i 2009. Ordbokportalen tillèt både felles og separate søk, og ein kan òg nå portalen gjennom dictionaryportal.eu.

Institusjonane bak ordbøkene

Universitetet i Bergen og Språkrådet eig og driv ordbokportalen for Nynorskordboka og Bokmålsordboka. Språkrådet er fagorgan for språkspørsmål i staten, og har til oppgåve å setja offisiell norsk språkpolitikk ut i livet på vegne av Kulturdepartementet. Språkrådet forvaltar rettskrivinga for bokmål og nynorsk.

Universitetet i Bergen er ansvarleg for IKT og teknisk støtte og utvikling for ordbokportalen, og for redigering av ordbøkene i samsvar med dei offisielle rettskrivingsnormene.

Opphavsrett

Innhaldet i Nynorskordboka og Bokmålsordboka er verna av opphavsrett, jf. lov om opphavsrett til åndsverk m.v. Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverksloven eller avtala om kopiering inngått med Kopinor, interesseorgan for rettshavere til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan medføra erstatningsansvar og inndragning, og kan straffast med bøter eller fengselsstraff.


Bokmålsordboka

Ordboka kom ut første gong i 1986 og var utarbeidd av Avdeling for bokmål ved Norsk leksikografisk institutt, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Norsk språkråd. Den faste redaksjonen bestod av Marit Ingebjørg Landrø og Boye Wangensteen. Bokmålsordboka har om lag 65 000 oppslagsord. Desse var med på å utarbeide manuskriptet til Bokmålsordboka:

Marit Ingebjørg Landrø a - g
Boye Wangensteen h - hu
Øyvind Haaland hv - hå
Boye Wangensteen i - k
Nina Fritzner Skadberg l - m
Lars Anders Kulbrandstad n - o
Kåre V. Nilsen p - pa
Boye Wangensteen pe - pn
Lars Anders Kulbrandstad po - pr
Boye Wangensteen ps - s
Jan Engh t - tille
Øyvind Haaland tillegg - TNT
Marit Ingebjørg Landrø to - toårs
Nina Fritzner Skadberg tr - u
Kristin Aass v
Nina Fritzner Skadberg w - å
Marit Ingebjørg Landrø revisjon av l - m
Boye Wangensteen revisjon av n - o
Øyvind Haaland revisjon av to - tå
Boye Wangensteen revisjon av u - å
Håvard Hjulstad EDB-opplegg


Utgåver:

1. utgave 1986 Universitetsforlaget Forord
2. utgave 1993 Universitetsforlaget Forord
3. utgave 2004 Kunnskapsforlaget Forord
3. reviderte utgave 2005 Kunnskapsforlaget
Nettutgave 2016 Bjørghild Kjelsvik, redaktør 2016 og 2018
Terje Svardal, redaktør 2017-
Christian-Emil Ore, UiO, IT-format.

Nynorskordboka

Ordboka kom ut første gong i 1986 og var utarbeidd av Avdeling for nynorsk ved Norsk leksikografisk institutt, Universitetet i Oslo, i samarbeid med Norsk språkråd. Redaksjonen bestod av Marit Hovdenak, Laurits Killingbergtrø, Arne Lauvhjell, Sigurd Nordlie, Magne Rommetveit og Dagfinn Worren. Nynorskordboka har om lag 90 000 oppslagsord.

Redigeringa av førsteutgåva var fordelt slik:

Magne Rommetveit Føreord, innleiing og brukarrettleiing
Sigurd Nordlie og Dagfinn Worren a - bowlingspelar
Dagfinn Worren br - cøliakisk
Laurits Killingbergtrø og Marit Hovdenakd
Laurits Killingbergtrø e - g
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie h
Sigurd Nordlie i
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie j
Dagfinn Worren og Arne Lauvhjell k
Marit Hovdenak l - n
Dagfinn Worren o
Arne Lauvhjell og Magne Rommetveit p - r
Dagfinn Worren s
Arne Lauvhjell og Sigurd Nordlie t - toårskontrakt
Dagfinn Worren trabelere - triårs
Laurits Killingbergtrø tro - uåte
Dagfinn Worren v
Sigurd Nordlie w - å
Håvard Hjulstad EDB-opplegg


Utgåver:

1. utgåva 1986 Det Norske Samlaget Føreord
Innleiing
Føreord til 3. opplaget
2. utgåva 1993 Det Norske Samlaget Føreord
3. utgåva 2001 Det Norske Samlaget Føreord
4. utgåva 2006 Det Norske Samlaget Føreord
Nettutgåve 2012- Føreord
Oddrun Grønvik, redaktør 2012-14
Terje Svardal, redaktør 2017-
Christian-Emil Ore, UiO: IT-format