Enkelt søk |

Ett treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

ikkje

adverb

Opphav

norrønt ekki

Tyding og bruk

  1. brukt til å nekte innhaldet i ei setning
    Døme
    • eg røykjer ikkje;
    • han vil ikkje gå;
    • er han ikkje gått enno?
    • ikkje veit eg korleis det skal gå;
    • meg skremmer han ikkje;
    • kvifor ikkje det?
    • brukt i undersetning
      • ho sa at ho ikkje ville reise;
      • da han ikkje var komen til rett tid, gjekk dei;
      • det er ikkje det at han ikkje greier det
  2. brukt i spørjesetning der ein ventar eit stadfestande svar
    Døme
    • er ho ikkje stor og sterk?
    • luktar det ikkje fælt?
  3. brukt for å uttrykkje ei spørjande eller tvilande tyding
    Døme
    • han går da vel ikkje og mistrivst og stundar heim?
    • du har vel ikkje ein tiar å låne meg?
  4. brukt i utbrot der den nektande utsegna har positiv tyding
    Døme
    • sanneleg er det ikkje Mari som sit der!
  5. brukt for å gje eit einskilt ord eller ledd nektande tyding
    Døme
    • ikkje ein lyd høyrde dei;
    • ikkje nokon skulle vite det;
    • han kunne kanskje ikkje lese?
  6. brukt saman med adjektiv som nemner dårleg kvalitet, låg grad eller liknande, for å uttrykkje motsett tyding
    Døme
    • det var ikkje dårleg!
    • det var ikkje lite han fekk gjort

Faste uttrykk

  • ikkje det eg veit
    brukt for å svare nektande, men med atterhald
    • har han flytta? Ikkje det eg veit
  • ikkje for det
    brukt for å hindre at nokon legg for stor vekt på ei føregåande ytring
    • fekk du verkeleg alt det der? Ja, ikkje for det, du har jo fortent det
  • ikkje for å …
    brukt for å seie imot ei mogleg innvending
    • ikkje for å skryte, men eg har hatt mange viktige verv
  • ikkje sant
    • brukt som ei oppmoding til å stadfeste eller godkjenne innhaldet i ei ytring
      • du ser det for deg, ikkje sant?
    • brukt for å stadfeste innhaldet i noko ein annan seier
      • det var utruleg vakkert. Ja, ikkje sant?

Fant du ordet du lette etter?