Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

høyre

høyra

verb

Opphav

norrønt heyra

Tyding og bruk

  1. oppfatte lyd;
    sanse med høyrsla
    Døme
    • høyre dårleg;
    • høyre ein lyd;
    • høyre ein stemme;
    • høyre naboen kome;
    • høyre kva ein seier
  2. få vite, bli fortalt;
    frette, røyne
    Døme
    • høyre nytt;
    • eg høyrer du har kjøpt bil;
    • har du høyrt maken!
    • der kan du høyre;
    • eg skal høyre om toget er i rute
  3. høyre med full merksemd;
    Døme
    • høyre på radio;
    • høyre på musikk;
    • sitje og høyre på ei historie;
    • høyr kva eg seier!
    • nei, høyr no her!
  4. innrette seg etter rådet eller oppfordringa til nokon
    Døme
    • når skal de høyre?
    • eg har prøvd å snakke til henne, men ho vil ikkje høyre
  5. spørje ut;
    Døme
    • bli høyrd i leksa
  6. i jus: la nokon få formidle si side av saka;
    jamfør høyring
    Døme
    • høyre båe partar i rettssaka;
    • mange instansar vart høyrde i samband med utgreiinga

Faste uttrykk

  • høyre etter
    lyde etter;
    lytte merksamt
    • høyre etter når nokon snakkar
  • høyre frå
    bli kontakta av;
    få bod frå
    • vente på å høyre frå nokon;
    • eg høyrde frå dei for nokre dagar sidan
  • høyre heime
    • ha opphavet sitt eller heimstaden sin
      • deltakarane høyrer heime i Fyresdal
    • ha plassen sin;
      passe inn
      • låta høyrer heime i rocken;
      • det høyrer ingen stad heime
  • høyre hit
    ha rette plassen sin her, i denne samanhengen
    • av forfattarar som høyrer hit, kan ein nemne Undset
  • høyre inn under
    bli omfatta av, bli rekna til
    • området høyrer inn under ansvaret til politiet
  • høyre innom
    ta ein tur innom
  • høyre med
    vere knytt til;
    vere viktig å ha med
    • litt vin høyrer med;
    • det høyrer med til historia at det berre var eit uhell
  • høyre noko til
    høyre nytt eller tale om einkvan
    • høyrer du noko til sonen din?
  • høyre om
    få vite om;
    erfare (2)
    • det har eg aldri høyrt om;
    • det var det første eg høyrde om saka
  • høyre saman
    danne ein heilskap;
    passe saman
    • høyre saman med nokon;
    • jakka høyrer saman med buksa
  • høyre til
    • vere ått av;
      vere del av, bli rekna med til;
      tilhøyre
      • brødet høyrer til måltidet;
      • det høyrer framtida til;
      • det høyrer til alderen
    • passe inn, i hop
      • ha ein stad å høyre til;
      • eg høyrer ikkje til i det miljøet
  • la høyre frå seg
    seie ifrå, gje beskjed;
    gje lyd frå seg
    • ho har ikkje late høyre frå seg på ei stund

Fann du ordet du leita etter?