Enkelt søk |

Ett treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

hoppe 2

hoppa

verb

Opphav

norrønt hoppa

Tyding og bruk

  1. ta sats og sprette i vêret med hjelp av føtene;
    Døme
    • hoppe i vêret;
    • hoppe over bekken;
    • hoppe ned frå steinen;
    • hoppe på sjøen;
    • hoppe høyde;
    • han har hoppa over 200 m på ski;
    • ungane hoppa strikk;
    • dei hoppar paradis i friminuttet
  2. fare opp frå underlaget;
    Døme
    • slå i bordet så koppar og glas hoppar
  3. vere uroleg;
    Døme
    • hjartet hoppar i brystet;
    • lyden fekk meg til å hoppe i stolen

Faste uttrykk

  • det er like godt å hoppe i det som å krype i det
    det er like godt å ta alt det utrivelege med ein gong som litt etter kvart
  • hoppe av i svingen
    avbryte samleie før sædavgang
  • hoppe av
    • gå ut av ei ideologisk eller religiøs gruppe
    • bli att i eit framandt land og søkje politisk asyl
  • hoppe etter Wirkola
    (etter den norske skihopparen Bjørn Wirkola) prøve seg mot eller følgje etter ein som er betre;
    ikkje lykkast heilt
  • hoppe inn i
    ta på seg, ta over (ei rolle på kort varsel)
  • hoppe over
    fare forbi, gløyme, oversjå (noko)
    • vi hoppar over denne oppgåva inntil vidare
  • hoppe på
    slå til på (eit tilbod eller ein sjanse)
    • vi hoppa på ein sydentur

Fant du ordet du lette etter?