Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

hjarte, hjarta 1

substantiv inkjekjønn

Opphav

norrønt hjarta

Tyding og bruk

  1. muskelorgan i blodkarsystemet som pumpar blodet rundt i kroppen
    Døme
    • ha dårleg hjarte;
    • hjartet banka hardt etter løpet
  2. om hjartet som sete for kjensler, sinnstilstandar og liknande: hug (1, sjel, sinn (1;
    Døme
    • kjenne uro i hjartet;
    • gjere noko med lett hjarte;
    • gjere noko med tungt hjarte;
    • av alt mitt hjarte el.;
    • bli varm om hjartet;
    • opne hjartet sitt for ein;
    • bli så redd at hjartet står stille;
    • hjartet heldt på å breste av sorg;
    • hjartet hoppa i han av glede
  3. hjarteliknande ting av ymist slag
    Døme
    • eit hus med hjarte i døra;
    • eit halsband med hjarte i gull
  4. inste del, kjerne
    Døme
    • i hjartet av Oslo

Faste uttrykk

  • granske hjarte og nyrer
    saumfare dei inste tankane
  • ha eit godt hjarte
    vere snill og miskunnsam
  • ha eit hjarte av stein
    vere kjenslelaus
  • ha hjarte for
    ha medkjensle med, vise omsut for
    • ha hjarte for andre
  • ha hjartet på rette staden
    vere godhjarta
  • ha noko på hjartet
    ha noko å fortelje
  • i hjartet
    inst inne
    • i hjartet er han venstremann
  • ikkje ha hjarte til
    ikkje få seg til å gjere noko
  • kome frå hjartet
    vere ekte og alvorleg tanke eller utsegn
  • leggje seg noko på hjartet
    innprente seg
  • lett om hjartet
    glad til sinns, utan uro i seg
  • liggje på hjartet
    kjenne trong til å tale om
    • det er noko som ligg meg på hjartet
  • med handa på hjartet
    for å vere heilt ærleg
  • med hjartet i halsen
    svært spent eller redd
  • miste hjartet til
    bli glad i (nokon)
  • på fastande hjarte
    utan å ha ete
  • skyte hjartet opp i livet
    ta mot til seg
  • varm om hjartet
    glad, rørt

Fann du ordet du leita etter?