Enkelt søk |

Ett treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

halde

halda

verb

Opphav

norrønt halda

Tyding og bruk

  1. ha tak i eller grep rundt
    Døme
    • halde eit barn;
    • halde noko i handa;
    • ho held i blyanten;
    • fuglen heldt noko i nebbet;
    • halde seg fast i rekkverket
  2. få noko eller nokon til å bli på ein viss stad;
    ha fysisk makt over;
    hindre i å utfalde seg fritt
    Døme
    • halde hesten;
    • halde nokon i fengsel;
    • han heldt dei på avstand;
    • det var ikkje mogleg å halde han heime;
    • eg held meg frå å kommentere saka;
    • halde seg i skinnet;
    • halde pusten;
    • ho heldt gråten tilbake;
    • vi må prøve å halde smitten nede;
    • hald kjeft!
  3. la kome i ei viss stilling;
    ha i ei viss stilling;
    Døme
    • halde fram handa;
    • halde arket opp mot lyset;
    • halde hendene på ryggen;
    • halde hendene for auga;
    • halde seg oppe
  4. vere på ein bestemd stad;
    ikkje vike av frå eller kome ut av;
    røre seg eller styre i ei viss lei
    Døme
    • halde til utanfor sentrum;
    • halde seg heime;
    • halde kursen;
    • halde leia;
    • halde farten;
    • halde takta;
    • halde noko i gang;
    • halde seg på vegen;
    • halde fram som ein stemner;
    • ho er sjuk og har halde senga i fleire dagar;
    • eg held meg helst i bakgrunnen;
    • dei heldt følgje med meg nesten til mål
  5. syte for at noko blir verande i same tilstand eller stilling;
    framleis ha, ikkje miste;
    vare ved uendra;
    Døme
    • halde stillinga;
    • halde stand;
    • halde ei festning;
    • halde varmen;
    • halde fargen etter mange vask;
    • halde seg i form;
    • prisane held seg;
    • mjølka heldt seg lenge;
    • dei prøvde å halde liv i han;
    • dei heldt stemninga oppe
  6. rette seg etter;
    stå ved;
    Døme
    • halde ord;
    • halde lova;
    • halde ein lovnad
  7. ha eller nå opp i
    Døme
    • vatnet held over 20 °C;
    • vinen heldt ca. 10 % alkohol;
    • halde mål
  8. tole utan å gå sund eller gje etter;
    stå imot trykk og påkjenning
    Døme
    • varene var tunge, men posen heldt;
    • skruen held ikkje;
    • sjekk om isen held;
    • overslaget heldt ikkje
  9. ha i teneste eller til rådvelde;
    Døme
    • halde vaskehjelp;
    • halde høns
  10. abonnere på
    Døme
    • halde ei avis
  11. drive på med;
    Døme
    • halde kurs i teikning og måling;
    • halde styr på papira;
    • halde kontroll på elevane;
    • halde orden;
    • halde fred;
    • halde fest;
    • dei heldt messe kvar søndag;
    • koret skal snart halde konsert;
    • kan du halde vakt i natt?
    • skal du halde tale i bryllaupet?
    • slutt med å halde slikt leven!
  12. rekne for;
    sjå på som
    Døme
    • halde seg for god til noko;
    • halde noko for eit mirakel;
    • halde noko for sant;
    • eg held han for å vere svært påliteleg

Faste uttrykk

  • halde att
    • hindre ei rørsle framover;
      bremse ei utvikling
      • regjeringa tek ansvar ved å halde att på pengebruken
    • ikkje sleppe frå seg
      • forfattaren veit å halde att dei siste brikkene i krimgåta;
      • visse typar utstyr blir stadig haldne att i leveransane
  • halde av
    • vere glad i;
      verdsetje høgt
      • eg held av han
    • reservere
      • kan du halde av ein plass til meg?
  • halde fast ved
    vere tru mot
  • halde fram
    • gå vidare, føre vidare, ikkje slutte
    • hevde (1, 2)
      • han heldt fram at han hadde vunne saka
  • halde frå kvarandre
    skilje frå kvarandre;
    ikkje blande
    • det kan vere vanskeleg å halde dei ulike teoriane frå kvarandre
  • halde hardt
    vere vanskeleg;
    lykkast berre så vidt
    • det skal halde hardt å bli ferdig før fristen
  • halde inne med
    stanse talestraumen;
    teie
    • ho heldt inne med kva ho eigenleg meinte
  • halde med
    vere tilhengjar av;
    vere einig med
    • halde med Viking
  • halde nokon med noko
    forsyne;
    forsyte
    • halde ungane med sko og klede;
    • dei heldt seg med mat sjølve;
    • eg kan gjerne halde deg med selskap
  • halde opp
    slutte
    • han heldt opp å slå
  • halde på med
    vere oppteken med;
    vere i gang med
    • ho heldt på med mobilen heile dagen;
    • eg held på med å lage middag;
    • kva held du på med?
  • halde på
    • ikkje gje seg;
      halde fram med
      • dei får no berre halde på
    • vere i ferd med
      • ein pasient heldt på å døy
    • ikkje vilje gje slepp på;
      ta vare på
      • dei held på dialekta si;
      • han heldt på jobben sin så lenge han kunne
    • satse (1)
      • halde på feil hest
  • halde saman
    støtte og hjelpe kvarandre;
    vise samhald
  • halde seg godt
    sjå ung ut
  • halde seg inne med
    syte for å vere god ven med
    • det er best å halde seg inne med sjefen
  • halde seg til
    ty til;
    lite på;
    ikkje vike frå
    • dei held seg til kvarandre;
    • ho heldt seg til Arbeidarpartiet;
    • halde seg til fakta i saka
  • halde unna for
    halde på avstand;
    stå imot
    • han heldt unna for konkurrentane inn mot mål
  • halde ut
    tole eller orke;
    ikkje gje tapt
    • sorga er nesten ikkje til å halde ut

Fant du ordet du lette etter?