Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

gjere

gjera

verb
kløyvd infinitiv: -a

Opphav

norrønt gera, gøra

Tyding og bruk

  1. framkalle, få til;
    arbeide (til), lage, produsere, skape
    Døme
    • gjere eit vers;
    • stolar og bord er gjorde av tre;
    • dei har gjort ein god jobb;
    • det er godt gjort;
    • øving gjer meister;
    • gjere opp varme;
    • gjere ein tabbe;
    • gjere ein dårleg figur;
    • gjere eit godt inntrykk;
    • gjere det godt;
    • gjere ende på noko;
    • gjere seg opp ei meining om noko;
    • desse bøkene gjorde han til ein kjend forfattar;
    • ho ville gjere det sjølv
  2. setje i verk;
    utføre, utrette
    Døme
    • gjere noko for nokon;
    • gjere nokon ei teneste;
    • gjere godt arbeid;
    • gjere ei reise;
    • gjere eit forsøk;
    • gjere leksene;
    • gjere opp rekneskapen;
    • gjere sitt beste;
    • gjere seg umak med noko;
    • gjere krav på noko;
    • gjere bruk av noko;
    • kva skal ein gjere med det?
    • gjort er gjort;
    • lettare sagt enn gjort
  3. drive med;
    sysle med
    Døme
    • ha mykje å gjere;
    • ikkje ha noko anna å gjere;
    • kva gjer du for tida?
  4. få til å bli
    Døme
    • gjere det lettare for komande generasjonar;
    • gjere nokon glad;
    • dette gjer godt;
    • gjere noko godt att;
    • gjere seg interessant;
    • gjere seg kjend med noko;
    • gjere alvor av noko;
    • kjærleik gjer blind;
    • gjere reint;
    • gjere det slutt;
    • gjere nokon merksam på noko;
    • gjere seg klar;
    • gjere seg nytte av noko
  5. bere seg åt;
    te seg;
    handle
    Døme
    • gjere nokon imot;
    • gjere vel imot nokon;
    • det gjer du rett i;
    • gjer som eg seier!
  6. ha å seie
    Døme
    • dette gjer ingen ting frå eller til;
    • det gjer sitt;
    • kva gjer vel det?
  7. fare over, sjå ferdig
    Døme
    • gjere Paris på tre dagar
  8. ha eller oppnå (av fart)
    Døme
    • skipet gjer stor fart
  9. med avføring som underforstått objekt: skite (2
    Døme
    • gjere på seg;
    • gjere i buksa;
    • gjere seg ut
  10. brukt i staden for eit anna verb eller for å forsterke ei utsegn
    Døme
    • sit du bra? Ja, det gjer eg;
    • drikke gjer han støtt;
    • snakke kan de gjere seinare

Faste uttrykk

  • få med noko/nokon å gjere
    • få skjenn eller straff av nokon
      • kjem han igjen, skal han få med meg å gjere
    • få kontakt med eller blir kjent med noko eller nokon
      • eit yrke der ein får med mange menneske å gjere
  • gjer så vel
    ver så god
  • gjer vel
    brukt for å be om eller oppmode om noko
    • gjer vel å sende meg boka!
    • gjer vel og sit!
  • gjere av
    plassere
    • dei veit ikkje kor dei skal gjere av seg;
    • kor har du gjort av pengane?
  • gjere det av med
    • øydeleggje
      • den sterke vinden har gjort det av med låven
    • drepe
      • han ville gjere det av med reven og henta rifla
  • gjere etter
    herme, kopiere
    • ho lærde ved å sjå på og gjere etter
  • gjere greie for
    klargjere, forklare
    • dette skal dei gjere greie for
  • gjere lite av seg
    vere anonym
    • han har gjort lite av seg på Stortinget
  • gjere med barn
    gjere gravid
  • gjere nokon noko
    skade nokon
    • eg har ikkje tenkt å gjere deg noko
  • gjere om
    endre
    • gjere om vedtaket;
    • gjere om lokala til kontor
  • gjere opp fisk
    sløye fisk
  • gjere opp for seg
    betale det ein skylder
  • gjere opp med
    • få ende på eit (økonomisk) tvistemål
      • gjere opp med banken
    • hemne seg på
      • få tak i han, eg skal gjere opp med han!
    • forsone seg med
      • gjere opp med fortida
  • gjere seg noko
    bli skadd eller plaga
    • har ho gjort seg noko?
  • gjere seg sjølv
    vere lett
    • ingenting gjer seg sjølv
  • gjere seg til
    skape seg;
    lage grimasar
    • dei tok til å smiske og gjere seg til
  • gjere seg
    gjere betre eller venare;
    ta seg ut;
    setje ein spiss på
    • litt lauk i sausen gjer seg;
    • det gjer seg med litt song;
    • blomane gjer seg der i kroken
  • gjere som om
    te seg som;
    låst
    • han gjorde som om han ikkje forstod
  • gjere store auge
    sperre auga opp av undring
  • gjere åt
    • skade, tyne
    • lækje (ein sjukdom, særleg med magiske råder)
  • ha med noko/nokon å gjere
    • vere i hopehav med;
      halde på med
      • ha mykje med kvarandre å gjere
    • kome ved;
      angå
      • kva har dette med saka å gjere?
  • la seg gjere
    vere mogleg
    • han vonar det lèt seg gjere å skaffe opplysningar
  • mindre kan ikkje gjere det
    det er nok;
    det greier seg
    • det var sylv denne gongen, mindre kan ikkje gjere det
  • om å gjere
    viktig
    • det er lite om å gjere

Fann du ordet du leita etter?