Enkelt søk |

Ett treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

gje, gjeve, gi

gjeva

verb

Opphav

norrønt gefa

Tyding og bruk

  1. (over)rekkje, levere;
    la kome frå seg, sende ut, føre fram, skaffe
    Døme
    • gje meg avisa;
    • det heile gav eit sterkt inntrykk;
    • gje atterljom;
    • gje seg tid til noko;
    • gje nokon skylda for noko;
    • gje nokon bank;
    • gje nokon høve til noko;
    • gje døme;
    • gje svar;
    • gje lov;
    • gje samtykke;
    • gje nokon rett;
    • gje hjelp;
    • gje gass;
    • gje avkall på noko;
    • gje akt;
    • gje tol
  2. brukt for å uttrykkje ynske
    Døme
    • Gud gjeve det er sant!
    • gjev det er sant!
  3. Døme
    • gje ungen;
    • gje krøtera
  4. la få som gåve;
    Døme
    • gje pengar;
    • gje bort gåver;
    • gje rabatt
  5. bruke alle sine krefter og all si tid på noko;
    Døme
    • gje livet sitt for nokon eller noko
  6. dele ut kort i kortspel
    Døme
    • din tur å gje
  7. stå for;
    halde
    Døme
    • gje ein middag;
    • gje ein konsert;
    • gje undervisning;
    • gje timar
  8. kaste av seg;
    produsere, yte, prestere
    Døme
    • gje gode renter;
    • boka gjev mykje;
    • jorda gjev lite av seg;
    • gje resultat;
    • han har ingenting å gje
  9. gje ut i vederlag for noko;
    Døme
    • gje 80 kr for boka;
    • eg skulle gje mykje for å få vite det

Faste uttrykk

  • gje att
    • om handel: gje vekslepengar
      • gje att på ein tiar
    • fortelje att;
      referere (2)
      • gje att noko ein har høyrt
  • gje blaffen i
    vere likeglad med
    • gje blaffen i politikk;
    • gje blanke blaffen i vedtaket;
    • ho gav blaffen
  • gje bryst
  • gje ein god dag i
    ikkje bry seg om;
    gje blaffen i
    • han gav ein god dag i arbeidet sitt
  • gje etter
    • om underlag: svikte (1)
      • planken gav etter
    • om person: føye seg eller vike
      • gje etter for krava;
      • dei gav etter for presset
  • gje frå seg
    (motvillig) overlate til nokon
    • gje frå seg førarkortet;
    • gje frå seg makta;
    • gje frå seg råderetten
  • gje igjen
    gje vekslepengar
    • gje igjen på ein hundrings
  • gje inn
    skjelle (nokon) ut
  • gje og ta
    vere villig til å inngå komporomiss
  • gje opp
    • opplyse om, offentleggjere
      • gje opp namn og adresse;
      • gje opp inntekta for siste året
    • om person: slutte å kjempe, resignere
      • nei, no gjev eg opp;
      • gje opp kampen;
      • gje opp anden;
      • gje opp all von
  • gje på
    få opp farten; halde (intenst) på (med noko), drive på
  • gje seg heilt og fullt til
    vie seg til (noko)
  • gje seg i ferd med
    gå i gang med
  • gje seg i kast med
    gå i gang med
  • gje seg i lag
    slå lag (med nokon)
  • gje seg i veg
    byrje å fare eller gå
  • gje seg over
    overgje seg;
    miste motet;
    bli heilt maktstolen eller himmelfallen
  • gje seg sjølv
    vere sjølvsagd eller opplagd
    • løysinga gjev seg sjølv;
    • svaret gjev seg sjølv
  • gje seg til å
    byrje å
    • han gav seg til å gråte
  • gje seg til
    bli verande;
    slå seg til ro
    • ho gav seg til i bygda
  • gje seg ut for
    påstå å vere eller spele nokon
  • gje seg ut på
    gå i gang med
  • gje seg
    • om underlag: sige, svikte, gje etter
      • golvet gav seg under han
    • avta i styrke;
      gå tilbake
      • stormen har gjeve seg;
      • sjukdomen har gjeve seg
    • gje etter (2);
      bøye av
    • slutte (1) med noko
      • han har gjeve seg med idretten;
      • no får du gje deg med dette tullet!
  • gje ut
    sende (bøker, blad) på marknaden
  • ikkje gje frå seg ein lyd
    vere still;
    teie (2, 2)
    • han gav ikkje frå seg ein lyd
  • ikkje gje mykje for
    verdsetje (noko) lågt eller sjå ned på (nokon)
  • kva gjev du meg for det?
    kva synest du om slikt?

Fant du ordet du lette etter?