Enkelt søk |

3 treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 3 oppslagsord

følgje 3, følge 3, fylgje 4

følgja, følga, fylgja

verb

Opphav

norrønt fylgja; jamfør tysk folgen

Tyding og bruk

  1. fare eller gå saman med (nokon);
    Døme
    • følgje nokon heim;
    • følgje ein på turen;
    • følgje gjestene ut;
    • følgje straumen;
    • slutt å følgje etter meg!
  2. kome etter (som neste ledd);
    avløyse
    Døme
    • brev følgjer seinare;
    • ei vond tid følgde;
    • mykje følgde i kjølvatnet av hendinga;
    • følgje etter den avtroppande leiaren i stillinga
  3. fare langs
    Døme
    • følgje vegen;
    • vegen følgjer stranda;
    • helikopteret følgjer terrenget;
    • følgje horisonten med auga
  4. rette merksemda mot;
    observere, oppfatte, studere
    Døme
    • følgje hendingane på nært hald;
    • følgje ein med auga;
    • følgje utviklinga nøye;
    • følgje kampen på storskjerm
  5. handle i samsvar med;
    rette seg etter;
    Døme
    • følgje samvitet;
    • følgje råda frå styresmaktene;
    • følgje føredømet til nabolandet;
    • denne framgangsmåten følgjer ikkje vanleg praksis
  6. vere resultat eller slutning
    Døme
    • av det følgjer at vi må byggje ut vegnettet i området
  7. vere eller henge saman med;
    høyre til
    Døme
    • det følgjer mykje stress med jobben;
    • det følgjer slikt liv med henne;
    • må hell og lykke følgje deg!
    • namnet følgjer ætta
  8. ta regelmessig del i
    Døme
    • følgje undervisninga;
    • mange sjåarar følgjer serien kvar veke
  9. få faste oppdateringar om eller frå ein person, organisasjon eller liknande på sosiale medium
    Døme
    • følgje kvarandre på Instagram;
    • det er mange som følgjer statsråden på sosiale medium

Faste uttrykk

  • følgjast åt
    vere i lag;
    gå saman
    • godt og vondt plar følgjast åt
  • følgje av seg sjølv
    vere sjølvsagd
  • følgje ein til grava
    delta i gravferda til nokon
  • følgje med
    bli med, halde tritt;
    vere merksam;
    passe på
    • følg med inn!
    • sokken følgde med da ho tok av seg støvelen;
    • følg med ungen litt!
    • du må følgje med i tida;
    • eg har litt vanskeleg for å følgje med i timen
  • følgje opp
    gå eller arbeide vidare med noko mot eit mål;
    utfylle, komplettere
    • følgje opp ei sak;
    • lova må følgjast opp i praksis;
    • følgje opp suksessen;
    • følgje opp kurset med praktiske øvingar
  • følgje på
    halde følgje;
    kome etter;
    halde fram
    • om renta blir kutta, vil truleg bankane følgje på med lågare rente for bustadlån

følgje 1, følge 1, fylgje 2

substantiv hokjønn

Opphav

jamfør norrønt fylgja femininum og tysk Folge

Tyding og bruk

  1. noko som følgjer med eller etter;
    logisk slutning;
    Døme
    • inflasjonen er ei følgje av dårleg politikk;
    • inngrepet hadde uheldige følgjer;
    • no må du ta følgjene av det du har gjort;
    • dette har til følgje at avtala er bindande for alle partane

Faste uttrykk

  • som følgje av
    på grunn av
  • ta til følgje
    gje etter for;
    ta omsyn til
    • innvendingane vart tekne til følgje

følgje 2, følge 2, fylgje 3

substantiv inkjekjønn

Opphav

norrønt fylgi nøytrum; av følgje

Tyding og bruk

  1. Døme
    • skal me slå følgje til skulen?
    • dei kom i følgje;
    • følgje heim;
    • takk for følgjet!
  2. person eller personar som følgjer noko, nokon eller kvarandre
    Døme
    • kvar vart det av følgjet mitt?
    • kongen og følgjet hans;
    • det kjem eit følgje etter vegen

Faste uttrykk

  • ha fast følgje
    vere i eit forhold (3);
    vere kjærast
  • halde følgje
    halde same fart eller nivå
    • han greidde ikkje å halde følgje med lagkameraten
  • i flokk og følgje
    mange saman;
    i store mengder
    • dei kjem i flokk og følgje

Fann du ordet du leita etter?