Enkelt søk |

2 treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 2 oppslagsord

frå 1, ifrå

preposisjon

Opphav

norrønt frá, ífrá; same opphav som fram

Tyding og bruk

  1. brukt for å gje utgangspunkt ved stad eller rom;
    med utgangspunkt i
    Døme
    • reise frå Bodø;
    • trafikken frå fjellet;
    • kome frå jobb;
    • samle seg frå alle kantar;
    • frå kontoret ser eg heile byen
    • brukt som adverb
      • sparke frå;
      • båten driv frå
  2. ved (måling av) utgangspunktet for strekning, område, storleik, intervall
    Døme
    • frå Lindesnes til Nordkapp;
    • frå ende til annan;
    • frå topp til tå;
    • frå hand til munn;
    • 20 m frå huset;
    • prisar frå 10 kr og oppover;
    • frå dei eldste til dei yngste
  3. ved utgangspunktet for tid
    Døme
    • frå 1. mai til 1. juli;
    • frå gammalt av;
    • frå da av tok eg heller bussen enn å gå;
    • frå først til sist;
    • frå først av var det slik;
    • frå æve til æve
  4. ved utvikling, endring
    Døme
    • vekse frå gut til mann;
    • frå det kjende til det ukjende
  5. med opphav, årsak, grunnlag eller kjelde i
    Døme
    • vere frå landet;
    • stamme frå apane;
    • funn frå Egypt;
    • boka hennar frå 1959;
    • snøen frå i fjor;
    • helse frå nokon;
    • ordre frå høgaste hald;
    • arve frå ein onkel;
    • få hjelp frå vener;
    • høyre sladder frå nokon;
    • blø frå såret;
    • snakke frå levra;
    • fritt omsett frå tysk
    • brukt som adverb
      • ein kan lure kvar dette kjem frå
  6. med fjerning, åtskiljing, skilje eller avstand i høve til
    Døme
    • reise frå gard og grunn;
    • han reiste seg frå stolen;
    • rømme frå fengselet;
    • vere borte frå arbeidet;
    • setje frå seg nøklane;
    • bordet står noko frå veggen;
    • halde nokon frå å gjere noko;
    • ta ei klokke frå kvarandre;
    • vere skild frå nokon;
    • seie frå seg retten;
    • kople av frå maset;
    • sovne frå lyset
    • brukt som adverb
      • dei skadelidne må melde frå;
      • denne summen skal du trekkje frå

Faste uttrykk

  • falle frå
    • døy
    • forlate, svikte;
      slutte
  • frå eller til
    utan stor skilnad i den eine eller andre retninga
    • vi kan ikkje gjere stort frå eller til
  • frå seg
    ukontrollert, styrlaus, galen; i uvit
    • dei vart frå seg av sinne
  • frå tid til anna
    somtid, av og til
    • slike ting skjer frå tid til anna
  • frå vitet
    utan evne til å tenkje eller handle rasjonelt
    • støyen kunne få kven som helst til å gå frå vitet
  • frå … til …
    brukt til å syne spenn i tid, omfang eller anna
    • utstillinga er open frå laurdag til måndag;
    • isen er frå ti til tjue cm tjukk
  • gå ut frå
    byggje på, rekne med (noko)
    • gå ut frå at alt er rett
  • til og frå
    fram og tilbake
  • til skilnad frå
    ulikt, i motsetnad til
    • til skilnad frå foreldra bryr ikkje dei unge seg om å kjøpe hus
  • til å kome frå
    brukt for å uttrykkje at ein ikkje kan unngå noko
    • det er ikkje til å kome frå at språk kan vere vanskeleg
  • vekse frå
    bli for stor for
    • slikt hadde dei vakse frå

frå 2

subjunksjon

Tyding og bruk

innleier ei leddsetning som uttrykkjer at noko skjer etter eit visst tidspunkt;
Døme
  • frå ho kom heim, har ho vore sjuk;
  • eg har elska katten frå eg fekk han

Fann du ordet du leita etter?