Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

framand

adjektiv

Opphav

av lågtysk vremede ‘borte, fjerna frå’, jamfør dansk fremmed; samanheng med fram

Tyding og bruk

  1. som høyrer til ein stad langt borte;
    Døme
    • bu i eit framandt land;
    • framande styrkar tok seg inn i landet;
    • ha innsikt i framande kulturar;
    • lære framande språk
  2. ukjend på ein stad eller for ein person;
    komen utanfrå
    Døme
    • snakke til vilt framande folk;
    • kjenne seg framand i miljøet
    • brukt som substantiv
      • han er ein framand i bygda
  3. som gjeld eller høyrer til nokon annan;
    Døme
    • det er ei framand ku i flokken;
    • kome på framande hender;
    • framand eigedom
  4. som ein ikkje skjønar eller kjenner til;
    som ligg fjernt frå ein;
    Døme
    • vere framand med eit arbeid;
    • dette er framandt for meg;
    • ei framand verd;
    • ein framand smak;
    • du er så framand i røysta;
    • dei er framande for kvarandre
  5. som ikkje høyrer til i eit visst fysisk eller biologisk miljø
    Døme
    • framande arter;
    • framande organismar
  6. brukt som substantiv, i fleirtal: gjester
    Døme
    • vi ventar framande;
    • dei fekk framande

Fann du ordet du leita etter?