Enkelt søk |

Eitt treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

fleire

adjektiv

Opphav

norrønt fleiri, komparativ av mang ein og mange; jamfør superlativ flest

Tyding og bruk

  1. meir enn éin;
    mange, ein heil del;
    nokre
    Døme
    • spørsmålet har fleire sider;
    • kunne fleire språk;
    • hende fleire gonger;
    • i fleire år;
    • fleire av dei er borte
  2. ved uttrykt samanlikning: som det er meir av i tal;
    meir talrik
    Døme
    • fleire kvinner enn menn;
    • fleire bøker enn eg har råd til;
    • dei er fleire enn vi er
  3. nokre i tillegg;
    enda nokre;
    enda meir
    Døme
    • fleire enn eg;
    • få fleire ark!
    • brukt som substantiv
      • somme klappa og fleire jubla;
      • stadig fleire meiner dette;
      • fleire og fleire tek ny utdanning

Faste uttrykk

  • med fleire
    og fleire andre som ikkje er nemnde med namn;
    forkorta mfl.
    • ei kunstsamling av biletkunstnarar som Astrup d. y., Eikås, Weidemann, Tunold med fleire
  • og fleire
    og fleire andre som ikkje er nemnde med namn;
    forkorta ofl.
    • sitat av Ivar Aasen, Henrik Ibsen, Aksel Sandemose, Olav Duun og fleire

Fann du ordet du leita etter?