Enkelt søk |

Ett treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

dårleg

adjektiv

Opphav

norrønt dáligr

Tyding og bruk

  1. om person eller kroppsfunksjon: sjuk, skadd, skral;
    ikkje frisk
    Døme
    • ha dårleg hjarte;
    • vere dårleg i magen;
    • ha dårleg syn;
    • kjenne seg dårleg;
    • vere dårleg til beins
    • brukt som adverb
      • det står dårleg til med pasienten
  2. lite tenleg;
    mangelfull, ring
    Døme
    • dårleg reiskap;
    • dårleg skiføre;
    • gjere dårleg arbeid;
    • drikke dårleg kaffi;
    • snakke dårleg norsk
    • brukt som adverb
      • høyre dårleg
  3. lite flink;
    udugeleg
    Døme
    • ein dårleg elev;
    • den dårlegaste målvakta eg har sett;
    • vere dårleg til å lese
  4. som ikkje strekk til;
    ikkje nok;
    knapp
    Døme
    • dårleg løn;
    • dårlege avlingar;
    • den dårlegaste fangsten på lenge;
    • det er dårleg med bær;
    • dei har dårleg tid
  5. som er til ulempe for nokon
    Døme
    • dårleg vêr;
    • leve i dårlege kår;
    • det var dårlege tider
  6. som vekkjer vonde kjensler
    Døme
    • ha dårleg samvit;
    • vere i dårleg humør
  7. (moralsk) mindreverdig, forkasteleg
    Døme
    • kome i dårleg selskap;
    • vere dårlege foreldre;
    • ein dårleg vits
    • brukt som adverb
      • det er dårleg gjort

Fant du ordet du lette etter?