Enkelt søk |

2 treff. Ytterlegare søkjeforslag tilgjengelege

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 2 oppslagsord

blom 1

substantiv hankjønn

Opphav

samanheng med brum (1

Tyding og bruk

blom 2, blome 1

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt blóm nøytrum og blómi maskulinum

Tyding og bruk

  1. plantedel som består av ei samling (godt synlege) farga kronblad og andre delar som inngår i formeiringa av planta;
    Døme
    • ei plante med vakre raude blomar;
    • eit tre med velduftande blomar
  2. plante med ein eller fleire blomar (2 og ikkje trevoren stengel;
    Døme
    • det veks blomar i hagen;
    • kjøpe blomar til morsdagen
  3. ting eller figur som liknar på ein blom (2, 1)
    Døme
    • ei festdrakt med broderte blomar;
    • eit smykke med ein blome av sølv
  4. særleg i bunden form eintal: det beste, gjævaste eller venaste av noko
    Døme
    • samle blomen av ungdomen vår

Faste uttrykk

  • i blom
    med utsprotne blomar;
    i bløming
    • solsikkene står i blom
  • seie det med blomar
    uttrykkje beundring, ros, takk eller liknande ved å gje blomar
  • slå ut i full blom
    i overført tyding: kome til uttrykk i full mon
    • talentet hennar har slått ut i full blom

Fann du ordet du leita etter?