Enkelt søk |

Ett treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Bokmålsordboka 0 oppslagsord

Nynorskordboka 1 oppslagsord

annan

determinativ demonstrativ

Opphav

norrønt annarr, akkusativ annan

Tyding og bruk

  1. ein til, enda ein, fleire av same slaget
    Døme
    • ein annan gong;
    • eg og ein annan syklist;
    • både kaffi og kaker og anna godt
  2. den eine av fleire
    Døme
    • den eine etter den andre;
    • frå ein stasjon til ein annan
  3. i same gruppe, men ikkje ein sjølv;
    Døme
    • ikkje vere som anna folk;
    • stå som ein annan tosk;
    • kjenne seg som eit anna menneske;
    • skade på både seg sjølv og andre
  4. ikkje den same;
    ulik
    Døme
    • ein annan kveld;
    • ei anna helg;
    • dei venta til ein annan dag;
    • på andre sida av vegen;
    • dette vart andre greier;
    • vente seg noko anna;
    • det er ei anna sak

Faste uttrykk

  • alt anna enn
    slett ikkje
    • oppgåvene var alt anna enn lette
  • anna enn
    så nær som
  • anna med di
    kor det no er; dessutan
  • av ei anna verd
    utanom det vanlege
  • blant anna
    (òg i fleirtal) noko(n) frå ei større gruppe;
    mellom anna;
    forkorta bl.a.
    • blant anna kan skulen ha misforstått regelen;
    • her møtte fleire personar, blant andre ordføraren
  • ein eller annan
    noko eller nokon;
    ein viss;
    einkvan
    • på ein eller annan måte;
    • i sentrum av ein eller annan by;
    • der inne stod ein eller annan;
    • på eit eller anna vis
  • ein og annan
    nokre (få)
  • frå ende til annan
    frå byrjing til slutt;
    alt saman
    • det var tull frå ende til annan
  • frå tid til anna
    av og til
  • mellom anna
    forutan, ved sida av;
    blant anna;
    forkorta m.a.
  • og anna
    (òg i fleirtal) og noko eller nokon frå ei større gruppe
  • ord for anna
    ordrett

Fant du ordet du lette etter?