Enkelt søk |

2 treff. Ytterligere søkeforslag tilgjengelige

Nynorskordboka 2 oppslagsord

blåse 2

blåsa

verb

Opphav

norrønt blása

Tyding og bruk

  1. om luft: vere i strøymande rørsle
    Døme
    • det blæs i fjellet;
    • nordavinden bles gjennom byen
  2. om vind: få noko til å velte eller til å fare gjennom lufta
    Døme
    • eit vindkast som bles trea over ende;
    • stormen blæs sand og jord over vegen
  3. bli ført av vinden eller ein annan luftstraum
    Døme
    • hatten bles på sjøen
  4. puste ut gjennom munn eller nasebore;
    ande tungt;
    Døme
    • oksen frøste og bles;
    • blåse røyk gjennom nasen;
    • ho berre blæs av alle ryktaavviser alle rykta
  5. få fram tonar eller lydsignal ved å puste luft i musikkinstrument eller anna innretning
    Døme
    • blåse på horn;
    • domaren bles i fløyta;
    • blåse til avmarsj
  6. lage noko ved å la luftstraum forme ein flytande masse
    Døme
    • blåse såpebobler;
    • blåse glas
  7. sende ut luftstraum med ymse reiskapar
    Døme
    • blåse håret tørt med fønar

Faste uttrykk

  • blåse av
    i idrett: avslutte ein kamp ved å blåse stoppsignal i fløyte
    • domaren bles av kampen
  • blåse i
    ikkje bry seg om
    • eg blæs i kva folk meiner
  • blåse liv i
    få i gang att
    • saka bles liv i gamle politiske motsetnader
  • blåse opp
    • ta til å blåse;
      blåse stadig kraftigare
      • blåse opp til storm
    • få til å auke i storleik ved å blåse inn luft eller annan gass
      • blåse opp ein ballong
    • forstørre
      • blåse opp eit bilete
    • i overført tyding: gjere større eller viktigare enn fortent;
      overdrive
      • blåse opp dramatiske enkelthendingar
  • blåse raudt
    blåse i alkometer og få positivt utslag
    • han bles raudt og vart fråteken førarkortet
  • blåse seg opp
    øse seg opp
    • folk som blæs seg opp over politisk satire
  • blåse støvet av
    i overført tyding: ta opp att;
    aktualisere
    • blåse støvet av lyntogvisjonane
  • blåse ut
    sløkkje flamme (på lys) ved å blåse på henne
    • blåse ut lyset
  • skjøne kva veg vinden blæs
    skjøne korleis ei sak utviklar seg
  • vel blåst
    bra utført
    • stemnet er vel blåst;
    • vel blåst, alle saman!

blåse 1

substantiv hokjønn

Opphav

av blåse (2

Tyding og bruk

  1. kule fylt med luft og brukt til fløyt (3, 2) og merke på fiskegarn
  2. bøye (2, 1) av plast eller liknande
    Døme
    • båten låg fortøydd til blåsa
  3. Døme
    • høyre blåsa frå fabrikken

Fant du ordet du lette etter?