Søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Søk » Grammatiske kodar i Nynorskordboka

Grammatiske kodar i Nynorskordboka

Sjå dei grammatiske kodane for Bokmålsordboka.

Alle oppslag i Nynorskordboka har eit bøyingsskjema som viser kva bøyingsformer ordet har. Nokre ord har ikkje bøying, då har bøyingsskjemaet berre ei celle. Bøyingsskjemaet kjem fram når du klikkar på bøyingskode eller ordklasse utheva i blått rett etter oppslagsordet.

Verb som skal ha a-form ved kløyvd infinitiv, er merkte 'Kløyvd infinitiv' i bøyingsskjemaet.

Kodane nedanfor viser dei regelrette bøyingane for substantiv, adjektiv og verb. Ord med ufullstendige eller uregelrette bøyingar i desse ordklassane har bøyingskodar utan tal. Dei er merkte f. (femininum, hokjønn), m. (maskulinum, hankjønn), n. (nøytrum, inkjekjønn), subst. (substantiv), adj. (adjektiv) eller v. (verb).

Tilbake til søk i Nynorskordboka.

Substantiv

Kode Ubunden form eintal Bunden form eintal Ubunden form fleirtal Bunden form fleirtal
f1 bygd bygda bygder bygdene
f2 vise visa viser visene
f3 dronning dronninga dronningar dronningane
m1 båt båten båtar båtane
  hage hagen hagar hagane
  lærar læraren lærarar lærarane
n1 hus huset hus husa
  rike riket rike rika

Adjektiv

Kode Hankjønn og hokjønn Inkjekjønn Bunden form Fleirtal
a1 sterk sterkt sterke sterke
a2 norsk norsk norske norske
a3 grepa grepa grepa grepa
a4 open ope el. opent opne opne
a5 vaksen vakse vaksne vaksne

Verb

Kode Infinitiv Presens (Notid) Preteritum (Fortid) Perfektum partisipp (Supinum)
v1 kasta el. kaste kastar kasta kasta
ropa el. rope ropar ropa ropa
v2 kvila el. kvile kviler kvilte kvilt
ropa el. rope roper ropte ropt
v3 ropa el. rope ropar ropte ropt