Søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Søk » Hjelp

Kvifor får du ikkje tilslag?

Les dette på bokmål.

Vanlege årsaker til at du ikkje finn eit ord

Ordet du søkjer på kan:

  • vere feilskrive etter den offisielle norma
  • finnast berre på nynorsk eller bokmål, og søket har gått i feil ordbok
  • mangle i ordboka av di det er rekna som ei sjølvforklarande avleiing eller samansetning
  • vere eit fleirordig uttrykk som må skrivast med mellomrom
  • vere ei samansetning som må skrivast utan mellomrom

For at du skal få treff, må ordet du søkjer etter, stavast rett. Dersom du ikkje heilt kjenner skrivemåten, kan du bruke trunkeringsteikn. Då skriv du % eller * i staden for bokstaven du er usikker på.

Du får til dømes ikkje treff på "desverre" sidan ordet skal stavast med to s-ar. Prøv difor med fleire stavemåtar om du ikkje får treff på første forsøk. Hald gjerne auge med forslagslista i søkjefeltet for å sjå kva ord som finst i ordboka.

Skal ordet skrivast med bindestrek, må bindestreken vere med i søkjeordet ("TV-antenne" gjev treff, "TVantenne" gjev ikkje treff).

Mange uttrykk som skal skrivast i to eller fleire ord, må du søkje på med særskriving. Til dømes gjev "i går" treff, men ikkje "igår". Du kan også finne uttrykket under "går", som er hovudordet i uttrykket.

Samansetningar er laga av sjølvstendige ord, f.eks. "skulejente" av "skule" og "jente". Dei er skrivne saman, og dette svarar til uttalen som eitt ord. Dei må skrivast i eitt når du søkjer i ordbøkene. Til dømes gjev "salonggevær" treff, medan "salong gevær" ikkje gjev treff. Set inn trunkeringsteikn (% eller *) dersom du er usikker på om ordet skal særskrivast eller samskrivast!

Ordtilfang

Ikkje alle ord står i ordboka, men det tyder ikkje at dei er "ulovlege"!

I norsk er det lett å lage nye avleiingar og samansetningar, og det er ikkje mogleg å få plass til alle i ordbøkene. Det er heller ikkje naudsynt, for vi forstår som regel utan vidare kva dei tyder. Mange sjølvforklarande avleiingar og samansetningar er difor ikkje er tekne med i ordbøkene. Det gjeld til dømes dei fleste substantivavleiingane med "-ing", som tyder "det å + verbet" (difor er "sykle" oppslagsord, medan "sykling" ikkje er det). Mange moglege substantiv på til dømes "-heit", "-dom" eller "-skap" er ikkje sjølve oppslagsord, fordi dette er vanlege avleiingar av adjektiv. Dei tyder "det å vere + adjektivet". Slik er "mjuk" og "mjukleik" oppslagsord, men ikkje "mjukskap" eller "mjukheit".

Har du spørsmål om klår, god og korrekt språkbruk, kan du ta kontakt med Språkrådet.