Søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Søk » Hjelp

Hjelp

Les dette på bokmål.

Gå til Teiknforklaringar og forkortingar.

Gå til Bøyingskodane i Nynorskordboka.

Finn du ikkje eit ord? Gå til Når du ikkje får tilslag.

Har du spørsmål om klår, god og korrekt språkbruk, kan du ta kontakt med Språkrådet.

Enkelt søk

Når du opnar ordboka i nettlesaren, kjem du automatisk inn i standardsøket "enkelt søk". Skriv eit ord i søkjefeltet og trykk på ein av søkjeknappane til høgre for å setje i gang søket. Les meir.

Skjul. Når du skriv inn søkjeordet, får du ei forslagsliste som heng ned frå søkjefeltet. For kvar ny bokstav du skriv, blir søket meir spesifikt og lista kortare. I lista er orda merka med (bm) for bokmål og (nn) for nynorsk. Dersom ordet kan brukast i begge målformene, står det (bm, nn). Du må klikke først på forslaget og så på ein søkjeknapp for å faktisk søkje på eit av dei føreslåtte orda.

Søkjeknappane: Du kan søkje i berre ei av ordbøkene ved å velje Bokmåls- eller Nynorsk-knappen. Du klikkar på knappen "Begge" for å søkje i begge ordbøkene samstundes. Du kan også bruke Enter på tastaturet, då går søket til den ordboka som sist var aktivert.

Du kan søkje med både store og små bokstavar, og du kan sløyfe aksentar. Les meir.

Skjul. Aksentar er små teikn over bokstavane som markerer uttalen av den bokstaven aksenten står til, t.d. "é" i ordet "kafé", som markerer at e-en er trong og at trykket ligg der i ordet.

Trunkering: Du kan bruke %-teiknet eller *-teiknet i staden for ein eller fleire bokstavar (trunkeringsteikn). Les meir.

Skjul. Til dømes gjev "bok%" treff på alle oppslagsord som byrjar med "bok", medan "%bok" gjev treff på alle oppslagsord som sluttar på "bok". Er du usikker på skrivemåten, går det an å bruke trunkert søk med % eller * som uspesifiserte bokstavar inne i ordet. Til dømes gjev ’salon%gevær’ tilslaget "salonggevær","des%verre" eller "%verre" gjev "dessverre", "tv%antenne" eller "%antenne" gjev "TV-antenne" eller "tv-antenne" og så vidare.

Rekkjefølgje på søket: Ved enkelt søk går søket først til oppslagsorda i ordboka, og så vidare til bøygde former av oppslagsorda. Deretter går søket til all tekst i ordboka. Søket stoggar ved første tilslag i enkelt søk, men ved å bruke Avansert søk kan du gå rett til søk på bøyingsformer eller i fritekst. Les meir.

Skjul. Eit oppslagsord er eit ord i grunnform (til dømes infinitiv for verb og ubunden form eintal for substantiv), slik du ser dei i den alfabetiske lista i søkjeresultatet. Har du skrive inn ei bøyingsform, blir søket automatisk ført til grunnordet for det bøygde søkjeordet, og du får opp ordbokartikkelen til grunnordet. Søket etter bøyingsformer skjer ved hjelp av fullformslista Norsk ordbank. Finst ikkje søkjeordet der, går søket vidare til heile ordboka, i eit fritekstsøk. Om ordet du leiter etter, er brukt i ordboka utan å vere eige oppslagsord, til dømes i ei ordforklaring eller eit bruksdøme, blir det vist som søkjeresultat. Slik kan du også få treff på samansetningar og avleiingar som ikkje er førte opp som eigne oppslagsord. NB! Det er viktig å vere klår over at teksten utanom oppslagsorda ikkje enno er blitt revidert i samsvar med rettskrivinga av 1. august 2012. Den må derfor ikkje brukast direkte som rettleiing i spørsmål om rettskrivinga.

Norsk ordbank og normering av ordtilfanget

Søket etter bøyingsformer skjer ved hjelp av fullformsordlista Norsk ordbank. Ver merksam på at bøyingsformene i Norsk ordbank er automatisk genererte. Dette inneber at du kan få tilslag på former som er tenkjelege, men ikkje vanlege å bruke. Til dømes vil du få tilslag på bøyingsformene "mjølker, mjølkene" sjølv om "mjølk" neppe blir brukt i fleirtal. Les meir.

Skjul. I lista til Norsk ordbank er dei fleste vanlege orda som er brukte i norsk tekne med. Også bøyingsformer som ikkje (lenger) følgjer offisiell rettskriving er registrerte i denne lista. I nokon grad kan du då få tilslag i ordbøkene på ei ordform som ikkje er rett etter den offisielle rettskrivinga - Bokmålsordboka er mest utsett for dette. Ordforma kjem då opp i ein parentes i kolonnen Oppslagsord til venstre for artikkelteksten. Desse orda er merkte som "* unormert" eller med eit forbods-symbol, for å vise at ordet eller stavemåten ikkje er tillaten i offisiell rettskriving. Du bør tenkje over om du kan eller vil bruke slike former. Som privatperson kan du velje å bruke andre former enn dei du finn i ordboka. Skriv du på vegner av ein offentleg institusjon, skal du berre bruke offisielle former.

NB! Nynorsk fekk ny rettskriving 1. august 2012. Oppslagsorda er reviderte i samsvar med denne rettskrivinga, men anna tekst i Nynorskordboka er ikkje revidert enno.

Søkeresultat

Søkjeresultatet kjem opp nedanfor søkjeboksen. Kvar artikkel inneheld oppslagsord, opplysningar om ordklasse og bøying, og ei kort forklaring av kva ordet tyder. Opplysningar om uttale og ordhistorie står i ein parentes mellom oppslagsordet og forklaringa, men ikkje alle ord har dette.

I mange artiklar finn du også døme på bruken av ordet. Slike døme står i kursiv etter ordforklaringa. Dersom ordet har flere tydingar, er kvar tyding nummerert med si eiga forklaring og eventuelle bruksdøme.

Bøying

Alle oppslagsord har eit ordklassemerke eller bøyingskode etter seg i artikkelen. Ved å klikke på denne bøyingskoden får du opp ein boks med bøyinga av ordet. Det spelar inga rolle om bøyinga er regelrett eller uregelrett. Klikk på det vesle krysset øvst til høgre for å fjerne boksen.

Bøyingsskjemaet for hankjønnsordet "rygg m., m1" ser slik ut når ein klikkar på m., m1:

Bøyingsskjema for hus n1

 

Her finn du eit oversyn over bøyingskodane som er nytta i Nynorskordboka.

I ordartikkelen elles er det brukt ulike teikn og forkortingar, nokre vanlege og nokre som særleg blir brukte i ordbøker.

Sjå oversikta over teiknforklaringar og forkortingar her.

Alfabetisk liste

Oppslagsordet visest på to måtar i søkjeresultatet. Det står med svart, halvfeit skrift i kolonnen Ordbokartikkel. Det står også som klikkbar lenkje (utheva med blå skrift og understreking) i kolonnen Oppslagsord. Når du klikkar her, kjem det fram ei alfabetisk liste over orda før og etter det du har søkt på. Les meir.

Skjul. I den alfabetiske lista er det ordet du har søkt på, utheva med halvfeit skrift. Slik er det lettare å orientere seg om det er andre ord som liknar eller høyrer saman med det du søkjer på. Klikkar du på eit ord i den alfabetiske lista, kjem du rett inn i ordbokartikkelen for ordet. Klikkar du på opp- eller ned-pila i lista (som står øvst og nedst), blar du deg framover eller bakover i ordlista. Vil du fjerne den alfabetiske lista, må du trykkje på krysset over bla-pila ovanfor lista.

Avansert søk

Klikk på lenkja Avansert søk til høgre for søkjeknappane.

Avansert søk gjer same søka som i enkelt søk, men her kan du sjølv bestemme kva for søkjekriterium som skal gjelde. Du kan velje om du vil søkje etter bøyingsformer av ordet, eller berre etter oppslagsord. Du kan også velje "fritekst" og søkje etter førekomstar av søkjeordet i all teksta i ordboka. Du kan velje om aksentar i søkjeordet må vere med eller ikkje for å få tilslag. Dessutan kan du velje om du vil bruke norsk alfabet eller ein annan skrivemåte for teikna "æ", "ø" og "å". Dette er praktisk om du til dømes må bruke eit tastatur utan dei norske teikna. (Ved enkelt søk er "uten/utan aksent" og "norsk alfabet" førehandsvalde.)

 

Avansert søk

Nettlesar

Det er viktig med ein etter måten ny versjon av den nettlesaren du bruker, for at søk i ordbøkene skal fungere bra. Internet Explorer og Google Chrome fungerer som regel godt, særleg i dei nyare versjonane. Dersom du bruker Firefox, bør du klikke vekk "forstørr berre tekst". Dette valet finn du i menyen øvst i nettlesaren under "Vis" ved å velje "Skalering", og under der igjen "Forstørr berre tekst". Då er du i ein modus som gjev best resultat ved søk i ordbøkene våre.