Søk » Om ordbøkene » Føreord nettutgåve

Føreord til ny nettutgåve 2012

Nynorskordboka på Internett vart oppdatert med ny rettskriving for nynorsk til skulestart i august 2012. Oppdateringa vart gjennomført i oppslagsord med bøyingsformer, men ikkje i teksta elles. Alle oppslagsord, også samansetningar, fekk no ordklasse og full bøying. Ordboka vart kopla til Norsk ordbank slik at all rettskrivingsinformasjon vart henta derfrå.

Parallelt med oppdateringa vart det gjort ei teknisk oppgradering som gav ordboka nye funksjonar som viser innhaldet betre. Alle sitat er fullt utskrivne. Det er lagt inn leddeling i oppslagsord, mange kryssreferansar, og mange faste uttrykk (fleirordsuttrykk) er direkte søkbare. Søk i serie blir synte i ein «ariadnetråd».

Oddrun Grønvik og Christian-Emil Ore var ansvarlege for arbeidet med oppgraderinga, der også Pål Kristian Eriksen, Marit Hovdenak, Bjørghild Kjelsvik, Vemund Olstad, Bror Magnus Sviland Strand, Urd Vindenes og Gunnhild Wentzel var med.