Søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Søk » Om ordbøkene » Føreord til 4. utgåva

Føreord til 4. utgåva

I denne nye utgåva av Nynorskordboka er skrivemåten og bøyinga av oppslagsorda førte opp i samsvar med dei siste godkjende rettskrivingsendringane. Boka er auka med om lag 500 nye oppslagsord. Hovudtyngda av dei er ord som er komne inn i norsk sidan førre utgåva (2001). Dessutan er feil retta, og somme oppføringsmåtar er endra.

Vi takkar med dette alle som har meldt frå om ting som burde rettast eller forbetrast, og vonar at lesarane vil halde fram med det. Ei særleg takk går til Boye Wangensteen, som stilte til rådvelde heile nyordstilfanget med dei ferdigredigerte artiklane i tredjeutgåva av Bokmålsordboka (2005).

Arbeidet med denne utgåva har gått føre seg på Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo . Kristin Bakken i Norsk Ordbok 2014 laga planen for arbeidet. Marit Hovdenak i Språkrådet har lagt til rette dei nye rettskrivingsvedtaka. Andreas Tandberg har ført dei inn i databasen og elles vore med på den førebuande tilrettelegginga, særleg av ordtilfanget. Sjølve redigeringa har Anne Engø stått for med særleg vekt på utforminga av ordartiklane, medan Dagfinn Worren har hatt ansvaret for ordutvalet i tillegg til å samordne framdrifta i arbeidet. Marit Hovdenak har dessutan, saman med Jostein Stokkeland i Språkrådet, kome med merknader til ordutvalet og elles sett over nyinnføringane og dei andre endringane i manuskriptet.

Manuskriptet er lagt i database av Eining for digital dokumentasjon (EDD) ved Christian-Emil Ore, og revisjonsarbeidet har gått føre seg i eit redigeringsprogram som Tone Adele Bjørnstad, EDD, utvikla i samarbeid med redaksjonen til tredjeutgåva. For fjerdeutgåva har Lars Jørgen Tvedt hatt ansvaret for redigeringsprogrammet.

Oslo, juni 2006