Søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka

Søk » Om ordbøkene » Føreord til 3. utgåva

Føreord til 3. utgåva

I denne nye utgåva av Nynorskordboka er skrivemåten og bøyinga av oppslagsorda ajourførte i samsvar med dei siste godkjende rettskrivingsendringane. For endringar (vedtekne i 1996) i bøyinga av grupper av hankjønnsord viser vi til Brukarrettleiing s. XI pkt. 3.5.1.

Vi gjer merksam på at eit omfattande reformframlegg som Norsk språkråd vedtok i 2000, ikkje er blitt godkjent av Kulturdepartementet, men sendt tilbake for vidare utgreiing. Dette vedtaket er difor ikkje innarbeidd her.

Norsk språkråd gjorde i 1999 også vedtak om nye retningsliner for opptak av importord frå dansk og tysk i nynorske ordbøker og ordlister. I samsvar med desse retningslinene er ein del slike ord tekne med i denne utgåva. Boka er også auka med ein del nye oppslagsord av andre typar; feil er retta, og det er gjort somme andre endringar. Vi takkar med dette alle lesarar som har meldt frå om ting som burde rettast eller forbetrast.

Arbeidet har gått føre seg på Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet Oslo. Manuskriptet er lagt i database av Dokumentasjonsprosjektets etterorganisasjon ved Christian-Emil Ore. Revisjonen og oppdateringa av dei enkelte bolkane er utført av Laurits Killingbergtrø (d-h, j, tro-uåte), Sigurd Nordlie (a-bowlingspelar, i, I-n, t-triårs, w-å), Lars S. Vikør (p-r, brukarrettleiinga) og Dagfinn Worren (br-cøliakisk, k, o, s og v). Dessutan har Anne Engø vore med og retta prentefeil og oppdatert rettskrivingsendringane i alle bolkane. Revisjonsarbeidet har gått føre seg i eit redigeringsprogram som er utvikla av Tone Adele Bjørnstad, Dokumentasjonsprosjektets etterorganisasjon, i samarbeid med redaksjonen. Boye Wangensteen, redaktør for Bokmålsordboka, har stilt til rådvelde eit omfattande tilfang av moglege nye oppslagsord som vi har gjort eit utval frå. Sekretariatet i Norsk språkråd ved Marit Hovdenak har lagt til rette nye rettskrivingsvedtak. Hovdenak og Kåre Skadberg har lese gjennom og kommentert dei endringane som er gjorde i denne utgåva.

Oslo, september 2001