Søk » Om ordbøkene » Føreord til 2. utgåva

Føreord til 2. utgåva

I denne nye utgåva av Nynorskordboka er skrivemåten og bøyinga av oppslagsorda ajourført i samsvar med dei siste rettskrivingsendringane. Boka er auka med ein del nye oppslagsord. Prente- og saksfeil er retta, og det er gjort somme andre endringar. Vi takkar med dette alle lesarar som har meldt frå om ting som burde rettast eller forbetrast.

Arbeidet har gått føre seg på Avdeling for leksikografi ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo.

Sekretariatet i Norsk språkråd har avgjort nokre tvilsspørsmål og kome med nyttige merknader.

Oslo, 5.5.1993

Marit Hovdenak

Universitetet i Bergen i samarbeid med Språkrådet © 2017
E-post: ordbokene@uib.no