Søk » Om ordbøkene » Innleiing til 1. utgåva

Innleiing

Ser vi bort frå dei to banda av det vitskaplege standardverket Norsk Ordbok, har vi ikkje fått større allmennspråklege nynorske ordbøker sidan Steinar Schjøtt i 1914 gav ut Norsk ordbok med ordtydingar på norsk-dansk. I dei siste 70 åra har det såleis berre kome ut ordlister eller mindre ordbøker der hovudføremålet har vore å gje rettleiing om gjeldande nynorsk rettskriving. Nokre av dei har hatt med enkle synonym på bokmål eller nynorsk, men oftast berre for delar av ordtilfanget. Meir utførlege opplysningar om ordtydingar og bruksmåtar har derimot ikkje vore med.

Nynorskordboka skal bøte på dette saknet. Ho er ei eittbands ordbok for alle som ynskjer meir kunnskap om det nynorske ordtilfanget i dag. Ho er først og fremst ei definisjons- og rettskrivingsordbok. Rettskrivingsdelen syner gjeldande rettskriving i 1985 og er i prinsippet tenkt å vere mønster og rettesnor for nye utgåver av rettskrivingsordlister. Attåt dette gjev ho ei rad tilleggsopplysningar om orda, til dømes om språkleg opphav og slektskap og - i ein viss mon - om normaluttale. Ho har med døme på bruken i ulike setningssamanhengar og gjev rettleiing om bruksområda til orda (overført, fagleg, forsterkande, ironisk, skjemtande bruk m.m.). Dessutan vil ein finne eit utval av vanlege forkortingar og vitskaplege nemningar.

Alf Helleviks Nynorsk ordliste (større utgåve) har lege til grunn for utvalet av ord. Dette tilfanget er fylt ut med ord frå samlingane til Norsk Ordbok. Det ferdigredigerte stoffet har her - så langt det rekk (eit stykke ut i bokstaven g) vore til god hjelp i redigeringa.

Det vart tidleg fastsett at Nynorskordboka og Bokmålsordboka skulle arbeidast ut parallelt, og da slik at redaksjonane kunne dra nytte av arbeida til kvarandre. Dette er gjort slik: Nynorskredaksjonen arbeidde først ut bokstavane a-k og bokstaven v. Bokmålsredaksjonen arbeidde samstundes ut bokstavane l-u og w-å. Deretter bytte redaksjonane manuskript og brukte utkasta i den andre målforma som grunnlag i det vidare manuskriptarbeidet.

Det synte seg snart at det trongst eit nybrotsarbeid i den delen av ordtilfanget som ikkje var ferdigredigert for Norsk Ordbok. Redaktørane måtte her i stor mon ta for seg kjeldetilfanget til Norsk Ordbok og byggje opp ordartiklar frå grunnen av. Dette var ei arbeidskrevjande oppgåve, og det måtte derfor setjast inn fleire redaktørar for at Nynorskordboka skulle bli ferdig til same tid som Bokmålsordboka.

Hovudkjelda til Nynorskordboka er ordsamlingane til Norsk Ordbok. Grunnstamma er her ord frå dei tidlegare landsmålsordbøkene (av Aasen, Ross og Schjøtt). Tilfanget i dei vart i 1930-åra støypt saman til eit grunnmanuskript der stoffet i Alf Torps Nynorsk etymologisk ordbok var innarbeidd. Dette grunnmanuskriptet har vore eit viktig hjelpemiddel i det daglege redigeringsarbeidet. Til dette kjem det store tillegget av eldre og nyare ord som har kome inn i setelarkivet seinare. Det gjeld målføretilfang som ikkje var med i landsmålsordbøkene. Hit høyrer òg materialet som Norsk Ordbok har fått frå Norsk målførearkiv. Og det gjeld utskrifter frå nynorsk skjønnlitteratur, sakprosa og avismål. I stor mon er kjeldetilfanget ajourført fram til i dag.

Av andre kjelder kan nemnast: større og mindre ordbøker av ymse slag, større leksika (særleg Norsk Allkunnebok), offentlege dokument, og opplysningar vi har fått i personlege samtaler med fagfolk.

Det var mykje å velje i, og det vart tidleg klart at ein kunne få eit noko sprikjande og skeivt utval av ord om ein berre skulle byggje på personleg skjøn hos redaktørane. Dette galdt særleg den store mengda av målføreord. Denne regelen vart da fastsett for utvalet av slike ord: dei skulle kome med dersom dei i kjeldetilfanget var registrerte i minst tre fylke. Dersom viktige grunnar (t d. litterær bruk) talte for det, kunne ein òg ta med ord med mindre utbreiing.

Dette utveljingsprinsippet har ført til at Nynorskordboka har vorte større enn opphavleg planlagd. I alt har ho med 90 000 oppslagsord, dvs. dobbelt så mange som vi i seinare tid har hatt i dei største nynorske ordlistene.

Universitetet i Bergen i samarbeid med Språkrådet © 2017
E-post: ordbokene@uib.no