Søk » Om ordbøkene » Føreord til 1. utgåva

Føreord til 1. utgåva 1986

Planane om å arbeide ut ei større eittbands nynorsk ordbok kom opp i 1960-åra. Alf Hellevik, som på den tida og i åra fram til 1972 skiftevis var formann og varaformann i Norsk språknemnd, la fram notat og utgreiingar om denne saka, og på eit styremøte i Det Norske Samlaget 20.4. 1970 vart det sett ned ei nemnd «til å konkretisere planen om å arbeide ut ei nynorsk handordbok». Medlemer av denne nemnda var Olav T. Beito, Bjarte Birkeland (formann), Kolbjørn Heggstad, Alf Hellevik og Leif Mæhle. Sekretær var Oddvar Nes. Av økonomiske grunnar rådde nemnda til at omfanget ikkje burde vere større enn kring 600 sider.

Etter oppmoding frå styret i Norsk leksikografisk institutt, Universitetet i Oslo, arbeidde Hellevik i 1972 ut eit notat der fagnemnda i Norsk språkråd vart beden om å rå til at Norsk språkråd og Norsk leksikografisk institutt skulle gå saman om dette prosjektet. Styret i Norsk språkråd gjorde deretter vedtak om at Språkrådet i samarbeid med Norsk leksikografisk institutt skulle gje ut ei handordbok for nynorsk og ei for bokmål.

Denne nemnda vart peika ut til å leie det førebuande arbeidet: Einar Lundeby, Arnulv Sudmann og Arnold Thoresen frå Norsk språkråd, Dag Gundersen og Alf Hellevik frå Norsk leksikografisk institutt, Bjarte Birkeland frå Det Norske Samlaget og Tom Hustad frå Universitetsforlaget. Nemnda hadde fleire møte og drøfta opplegg, omfang og redigeringsprinsipp for ordbøkene.

Denne nemnda vart peika ut til å leie det førebuande arbeidet: Einar Lundeby, Arnulv Sudmann og Arnold Thoresen frå Norsk språkråd, Dag Gundersen og Alf Hellevik frå Norsk leksikografisk institutt, Bjarte Birkeland frå Det Norske Samlaget og Tom Hustad frå Universitetsforlaget. Nemnda hadde fleire møte og drøfta opplegg, omfang og redigeringsprinsipp for ordbøkene.

Sjølve ordboksarbeidet kom i gang i april 1974. Redaktørane for nynorskutgåva og bokmålsutgåva hadde da fleire sammøte der kontorsjefane i Norsk språkråd (Sudmann og Thoresen) og leiarane for nynorsk- og bokmålsavdelinga på Norsk leksikografisk institutt (Hellevik og Gundersen) var til stades. Her vart redigeringsprinsippa drøfta. Redigeringsreglane for dei to utgåvene vart samordna så langt dette lét seg gjere. Røynsle i redigeringsarbeidet seinare har likevel ført til visse justeringar i det opphavlege opplegget.

Avdeling for nynorsk, Norsk leksikografisk institutt, har stått for det redaksjonelle arbeidet med nynorskutgåva. Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie var dei første redaktørane. Dagfinn Worren vart tilsett i januar 1975. Desse tre har sidan vore faste redaktørar, bortsett frå stuttare og lengre avbrot - for Killingbergtrø og Nordlie frå slutten av 1977 til april 1981 og for Worren frå juli 1975 til august 1976. Arne Lauvhjell var redaktør frå februar 1978 til juni 1983. Marit Hovdenak har vore redaktør frå hausten 1978. Magne Rommetveit vart leiar for Avdeling for nynorsk etter Hellevik i februar 1978 og har sidan da vore med i redaksjonen på deltid.

I sluttfasen har Reidar Bø, Arnbjørg Hageberg og Jostein Stokkeland vore med på ei kritisk gjennomgåing og korrekturlesing av delar av manuskriptet. Erik Simensen frå Avdeling for gammalnorsk, Norsk leksikografisk institutt, har i revisjonsfasen gått kritisk gjennom opplysningane om etymologi. Noko av manuskriptet er også gjennomlese av sekretariatet og medlemer av fagnemnda i Norsk språkråd.

Ordboka er dataført og ligg føre i maskinleseleg form. Manuskriptet er levert til prenting på magnetband. Håvard Hjulstad har hatt ansvaret for databehandlinga og tilsyn med dataføringa. Liv Slette har skrive inn materialet på terminal med hjelp frå mellom andre Anders Bjørnstad, Ruth Nergaard og Gudrun Dahler Vik.

Norsk språkråd og Universitetet i Oslo ved Norsk leksikografisk institutt har ytt mesteparten av midlane til utarbeiding og dataføring av manuskriptet. Fleire andre institusjonar og organisasjonar har gjeve økonomisk tilskot til arbeidet, såleis Kyrkje- og undervisningsdepartementet (no Kultur- og vitskapsdepartementet), Det Norske Samlaget, Opedalsfondet og Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Oslo.

Oslo, 20.9.1985

Magne Rommetveit

Universitetet i Bergen i samarbeid med Språkrådet © 2017
E-post: ordbokene@uib.no